Departementets styring av dei regionale helseføretaka

Helse- og omsorgsdepartementet styrer dei regionale helseføretaka gjennom lov, vedtekter, føretaksmøte og oppdragsdokument. Departementet peikar også ut styra for dei regionale helseføretaka.

Føretaksmøter

Som eigar av dei regionale helseføretaka utøver helse- og omsorgsministeren den øvste myndigheit i føretaksmøte. Eigaren kan ikkje utøve eigarstyring utanom føretaksmøte. Det kan haldast felles føretaksmøter med dei fire regionale helseføretaka.

Departementet held føretaksmøte kvart år i januar for å fastsette økonomiske og organisatoriske krav og rammer for dei regionale helseføretaka. I tillegg skal det haldast føretaksmøte innan utgangen av juni for å behandle årleg melding, årsberetning og årsrekneskap mv.

Utover desse to møta blir det gjennom året haldne føretaksmøter ved behov. I føretaksmøtet kan helse- og omsorgsministeren som sjukehuseigar ta avgjerder i saker som er av vesentleg betydning. (jf. helseføretakslova § 30). 

Oppdragsdokument

Helseføretakslova § 16 gir departementet moglegheit til å stille vilkår til dei regionale helseføretaka når det blir tilført ressursar. Dette blir gjort i oppdragsdokumenta til dei regionale helseføretaka.

Desse blir utarbeidde årleg og sendt til dei regionale helseføretaka i januar. Det er vanleg at oppdragsdokumentet blir lagt fram samtidig med føretaksmøtet om krav og rammer for året.

I oppdragsdokumenta blir Stortingets løyvingar stilt til disposisjon for dei regionale helseføretaka, samtidig som departementet stiller krav i samband med dei løyvde midlane.

Sjå oppdragsdokument for inneverande og tidlegare år.

Rapportering

Dei regionale helseføretaka rapporterer på oppdragsdokumentet og krav frå føretaksmøtet til departementet i årleg melding, som har frist 15. mars påfølgjande år.

Dette er også lovheimla i helseføretakslova § 34. Departementet rapporterer til Stortinget om helseføretaka si måloppnåing i samband med Prop. 1 S.

Dei regionale helseføretaka sine vedtekter 

Vedtektene regulerer verksemda til dei regionale helseføretaka.