Alkoholpolitikk

Det overordna målet med alkoholpolitikken er å redusere dei negative konsekvensane alkoholbruk har for enkeltpersonar, tredjepersonar og samfunn.

Noreg har ein restriktiv alkoholpolitikk samanlikna med dei fleste europeiske land. Dei viktigaste verkemidla er løyvingssystemet, vinmonopolordninga, reklameforbodet, aldersgrenser og avgiftspolitikken.

Restriktiv tobakk- og alkoholpolitikk

Hurdalsplattforma slår fast at regjeringa vil vidareføre ein restriktiv tobakk- og alkoholpolitikk og oppretthalde Vinmonopolets samfunnsrolle.

Regjeringa sluttar opp om hovudprioriteringane i Nasjonal alkoholstrategi og Verdas helseorganisasjons globale mål om 20 prosent reduksjon av skadeleg bruk av alkohol innan 2030. 

Noreg har ein folkehelseorientert alkoholpolitikk der dei verkemidla som er dokumentert å vere mest effektive og anbefalt av Verdas helseorganisasjon er tatt i bruk.

Redusert tilgjengelegheit og påverke haldningar

Dei fleste regulatoriske verkemidla har som mål å redusere tilgjengelegheita, men nokre reguleringar har som hovudmål å påverke haldningar og etterspurnad etter alkohol. Eit døme er forbodet mot alkoholreklame.

Rammene for desse verkemidla er i stor grad fastsett i alkohollova, der formålet er å avgrense dei samfunnsmessige og individuelle skadane som alkoholbruk kan medføre i størst mogleg utstrekning. Som ledd i dette siktar lova på å avgrense forbruket av alkoholhaldig drikk.

Dei viktigaste verkemidla er høge særavgifter, statleg monopol på sal av alkoholhaldig drikk over 4,7 volumprosent, løyvingssystem for sal og skjenking, avgrensingar i sals- og skjenketider, tiltak mot promillekøyring, aldersgrenser og reklameforbod.

Andre verkemiddel

Norsk alkoholpolitikk famnar også ei rekke andre verkemidla som opplysnings- og haldningskampanjar og tiltak på skjenkestader, i tillegg til tidleg intervensjonstiltak og behandling.

Andelen som har eit høgt og risikofylt forbruk av alkohol og omfanget av alkoholrelaterte skader og problem, heng nært saman med det totale forbruket av alkohol i befolkninga. Når totalkonsumet aukar, vil omfanget av helseproblem knytt til alkoholbruk også auke, og tilsvarande vil ein nedgang i totalkonsumet redusere sjukdom og dødelegheit i samband med alkoholbruk. 

Derfor vil tiltak som treff heile befolkninga og reduserer totalkonsumet av alkohol, som dei regulatoriske verkemidla, også ha ein førebyggande effekt på omfanget av sjukdomar og skader som følgje av eit høgt forbruk av alkohol. Dette ligg til grunn for den norske alkoholpolitikken.

Omsetnad i Noreg

Over 80 prosent av den norske befolkninga drikk alkohol. I 2024 var den samla avgiftsbelagte omsetninga i Noreg 6,16 liter rein alkohol per innbyggar over 15 år (unntatt turistimport og taxfree).

Både den registrerte alkoholomsetninga og omfanget av risikofylt drikkemønster har vore ganske stabilt dei siste ti åra, bortsett frå ein mellombels auke under pandemiåra.

Den auken må sjåast i samanheng med ein betydeleg nedgang i den uregistrerte omsetninga som grensehandel og taxfree i same periode.

Helsemessige og sosiale konsekvensar

Alkohol kan medverke til eller komplisere eit breitt spekter av helseproblem som omfattar både fysiske og psykiske sjukdomar og skader, ulukker og tredjepartsskader. Alkohol medfører også store sosiale og økonomiske kostnader for den som brukar alkohol, for tredjepartar og for samfunnet, inkludert omsorgssvikt, frykt, ulukker, vald, fosterskader og andre tredjepartsskader.

Eit langvarig og høgt alkoholforbruk aukar risikoen for hjarte- og karsjukdomar, leversvikt, betennelse i bukspyttkjertelen og lungesjukdomar, og aukar risikoen for avhengigheit og andre psykiske lidingar.

Også eit lågt og moderat alkoholforbruk aukar sjukdomsrisikoen, som risikoen for fleire typar kreft, mellom anna kreft i fordøyingsorgana, lever og bryst. Store enkeltinntak av alkohol gir auka risiko for hjerneslag og hjarteinfarkt, og risikoen aukar med frekvensen av slike episodar. Små mengder alkohol inneber vanlegvis liten skaderisiko for friske personar, men det er ikkje mogleg å fastsette ei helsemessig trygg nedre grense for inntak av alkohol.

Alkoholregelverk

Alkohollova

Den sentrale lova om alkohol er alkohollova av 2. juni 1989 nr. 27 (lovdata.no). Lova sitt formål er å avgrense dei samfunnsmessige og individuelle skader alkoholbruk kan innebere, og føresegnene i lova har som mål å avgrense bruken av alkohol.

Lova høyrer under Helse- og omsorgsdepartementet og regulerer i hovudsak omsetning av alkohol. Det vil seie skjenking, detaljsal (sal til forbrukar) og engrossal, samt tilverking og import/eksport. Alkohollova inneheld også forbod mot reklame for alkohol og ein del andre særlege forbod og påbod.

Lova blir supplert av alkoholforskrifta og forskrift om engrossal og tilverking av alkoholhaldig drikk mv. Med heimel i lova er det fastsett ein eigen forskrift om alkoholordninga for Svalbard. Helsedirektoratet har tolkingsansvar for alkohollova og har gitt ut eit rundskriv til alkohollova og til alkoholforskrifta (lovdata.no) som gir rettleiing til føresegnene.

Skjenking og sal av alkohol

Skjenking og detaljsal av alkoholhaldig drikk (dvs. mot vederlag) krev løyve. I visse lokale og stader krevst også løyve for servering og drikking utan vederlag.

For å drive engrossal krevst ikkje løyve, men seljaren må vere registrert som avgiftspliktig verksemd hos avgiftsmyndigheitene. 

Løyve for skjenking og for detaljsal av alkoholhaldig drikk som inneheld til og med 4,7 volumprosent alkohol, blir vanlegvis gitt av kommunane. Det er opp til kommunane sine frie skjønn om dei vil gi løyve, og dei kan også sette relevante vilkår for løyvet.

Vinmonopolet

Vinmonopolet har einerett til detaljsal av vin, brennevin og annan alkoholhaldig drikk som inneheld over 4,7 volumprosent alkohol.

Kommunane kan likevel på særlege vilkår gi løyve til sal av eigenprodusert alkoholhaldig drikk som inneheld inntil 22 volumprosent alkohol og som ikkje fell inn under EØS-avtalen (såkalla gardssal). 

Maksimale tillatne skjenketider er etter lova frå klokka 08.00 til kl. 03.00 for alkoholhaldig drikk inntil 22 volumprosent og frå kl. 13.00 til 03.00 for sterkare alkoholhaldig drikk. Lova inneheld også føresegner om tillatne salstider og salgsdagar.

Aldersgrenser

Alkohollova fastset aldersgrenser for sal og skjenking. Aldersgrensa er 18 år for alkoholhaldig drikk inntil 22 volumprosent og 20 år for sterkare alkoholhaldige drikker.

Det er forbode å kjøpe alkoholhaldig drikk for mindreårige (langing). Det er ikkje tillate å skjenke, utlevere og selje alkoholhaldig drikk til ein person som er openbart påverka.

Det er forbode å selje, skjenke eller selje engros alkoholhaldig drikk som inneheld over 60 volumprosent alkohol. Import av slik drikk kan berre utførast av den som har statleg tilverkingsløyve.

Tilverking

Tilverking av alkoholhaldig drikk krev løyve med eitt unntak. Det er tillate å tilverke alkohol som ikkje er brennevin (til dømes øl og vin) til eigen bruk utan slik tillating. Det er forbode å kjøpe brennevin som er ulovleg tilverka.

Det krevst løyve eller rett til å drive engrossal for å kunne importere eller eksportere alkoholhaldig drikk. Det er nokre unntak frå dette kravet når det gjeld import. Mellom anna kan privatpersonar importere alkoholhaldig drikk til personleg bruk, til dømes i form av nettkjøp frå utlandet. 

Den som utleverer den alkoholhaldige drikken til privatpersonen i Noreg, må vere ein transportør som er uavhengig av seljar.

Alkoholreklame

Alkoholreklame er forbode med mindre reklamen fell inn under eit av dei særlege unntaka fastsett i alkoholforskrifta. Forbodet gjeld også reklame for andre varer med same merke eller kjenneteikn som drikk som inneheld over 2,50 volumprosent alkohol.

Slike varer må heller ikkje inngå i reklame for andre varer eller tenester. Helsedirektoratet fører tilsyn med at føresegnene om reklameforbod blir overhaldne og kan ved brot pålegge retting av forholdet.

Samtidig med at pålegg om retting blir gitt, kan tvangsmulkt fastsettast. Mulkta løper frå fristen for retting er oversete, og kan fastsettast i form av eingangsmulkt eller dagmulkt. Mulkta fell till staten.

Frå 17. september 2024 kan Helsedirektoratet gi gebyr for enkelte brot på alkohollova. Dette gjeld mellom anna brot på reklameforbodet. Klage på Helsedirektoratet sine vedtak om reklame blir behandla av Markedsrådet.

Andre lover

Ulike forhold knytt til alkohol er regulert i fleire andre lover. Føresegner om alkoholavgifter, avgiftsfrie innførselskvoter mv. er regulert i toll- og avgiftsregelverket.

Vegtrafikklova set forbod mot køyring av motorvogn under påverknad av alkohol. Ein alkoholkonsentrasjon på over 0,2 promille i blodet blir alltid rekna som påverknad.

For føring av småbåt følger det av småbåtlova at grensa er 0,8 promille. Fleire lover har føresegner om særleg avhaldsplikt for visse yrkesgrupper, også i eit spesifisert tidsrom før yrkesutøvinga. Til dømes gjeld dette for helsepersonell etter helsepersonellova og for flygarar etter luftfartslova.