Helseberedskap – ein del av regjeringa sitt arbeid for samfunnstryggleik

Helseberedskap er ein sentral del av samfunnstryggleiken og arbeidet med denne. Svært mange kriser involverer helsesektoren i større eller mindre grad.

Døme på dette er pandemien, terrorhendingar og ekstremvær der helsekapasitet lokalt, regionalt eller nasjonalt blir involvert over kortare eller lengre tid for å sikre liv og helse.

Instruks for dep.arbeid med samfunnstryggleik mv. (lovdata.no) gir retningslinjer for samfunnstryggleik- og beredskapsarbeid i sivil sektor. Denne gjeld heile krisespekteret.

    Formålet med instruksen er å sikre heilskapleg og koordinert samfunnstryggleik- og beredskapsarbeid som bidrar til å styrke samfunnet si evne til å førebygge og handtere kriser. 
Instruksen skildrar overordna prinsipp, departementa sitt ansvar og Justis- og beredskapsdepartementet si samordningsrolle. Den beskriv også prinsipp for tilsyn, sentral krisehandtering ved kriserådet, kva departement som skal vere leiardepartement og krisestøtteeininga (KSE).