Rapport om økonomiske misleghaldssaker osb. i første kvartal 2025

I første kvartal 2025 registrerte Sentral kontrolleining 36 nye saker. Sakene var i hovudsak knytte til mistanke om økonomisk misleghald, medan sju var relaterte til mistanke om seksuell utnytting, misbruk og trakassering i samband med tilskotsforvaltinga (SEAH-saker).

I den same perioden vart 29 saker avslutta, blant desse var sju SEAH-saker. Alle tala omfattar også saker under Norad og Norec sine ansvarsområde.

Oversikta nedanfor viser dei sju sakene der det var grunnlag for reaksjon og tilskotsmottakaren har betalt tilbake, og som vart avslutta i første kvartal 2025. Det er betalt tilbake 854 960 kroner. I tillegg er til 330 184 kroner betalte tilbake til prosjekt, noko som inneber at avtalepartnar dekkjer tapet ved å skyta inn eigne midlar.

Oversikta blir utarbeidd som oppfølging av nulltoleransen til regjeringa for økonomisk misleghald og blir ajourført kvart kvartal. For fleire opplysningar blir det vist til Sentral kontrolleining i Utanriksdepartementet, Internrevisjonen i Norad eller til Norec.  

Oversikt 1. kvartal 2025 – avslutta med reaksjon

Saksnr./

ansvar

Land/region

Avtalepartnar

Kort omtale av saka

1465

Norad

Guatemala

Redd Barna

Underslag hos lokal partnar. NOK 245 700 er betalte tilbake til Norad.

1466

Norad

Malawi

FORUT

Manglande betaling av skatt og pensjon, mangelfull dokumentasjon av utgifter, brot på innkjøpsregelverk osb. hos lokal partnar. NOK 330 184 er betalte tilbake til prosjektet.

1520

Norad

Malawi

Redd Barna

Utbetaling av lønn til personar utan tilknyting til prosjektet og mangelfull dokumentasjon av utgifter hos lokal partnar. NOK 69 333 er betalte tilbake til Norad.

1532

Norad

Rwanda

Norsk Folkehjelp

Lokal partnar fekk betalt for aktivitetar basert på feil tal deltakarar. NOK 21 650 er betalte tilbake til Norad.

1646

Norad

Madagaskar

Norges Vel

Fiktive utgifter og ugyldige bilag hos lokal partnar. NOK 6 630 er betalte tilbake til Norad.

1647

Norad

Colombia

Caritas

Midlar brukte til anna enn det avtalte formålet hos lokal partnar. NOK 97 000 er betalte tilbake til Norad.

1705

Norad

Malawi

Utviklingsfondet

Midlar brukte til anna enn det avtalte formålet hos lokal partnar. NOK 414 647 er betalte tilbake til Norad.