Høyring - implementering av administrativ rettleiing i suppleringsskattelova

Finansdepartementet sender med dette på høyring eit framlegg om endringar i suppleringsskatteloven med forskrift. Framlegget omfattar hovudsakleg endringar som er naudsynte for at dei norske reglane skal vere i samsvar med Inclusive Framework sine administrative rettleiingar publisert i høvesvis juni 2024 og januar 2025. I tillegg omfattar framlegget enkelte tekniske endringar som har karakter av å vere opprettingar.

Status: På høyring

Høyringsfrist: 04.08.2025

Vår ref.: 25/3641

Finansdepartementet sender med dette på høyring eit framlegg om endringar i suppleringsskatteloven med forskrift. Framlegget omfattar hovudsakleg endringar som er naudsynte for at dei norske reglane skal vere i samsvar med Inclusive Framework sine administrative rettleiingar publisert i høvesvis juni 2024 og januar 2025. I tillegg omfattar framlegget enkelte tekniske endringar som har karakter av å vere opprettingar.

Globalisering og digitalisering har gitt nye utfordringar for landa sine skattesystem. OECD og G20-landa sitt samarbeidsorgan, Inclusive Framework (IF), har på denne bakgrunn utarbeidd modellreglar for global minimumsbeskatning (pilar 2). Reglane skal sikre at store konsern vert skattlagt med ein minimumssats på 15 prosent, uavhengig av kvar dei driv verksemda. I Noreg er modellreglane innført i suppleringsskatteloven med forskrift. Departementet har som mål at suppleringsskatteloven og forskriften skal vere oppdatert og gi eit korrekt bilete av dei materielle reglane så det ikkje vert motstrid mellom dei norske reglane og modellregelverket.

Modellreglane vart ferdigstilt og publisert i desember 2021. I tida etter har IF arbeidd med utfyllande innhald, presiseringar, døme mv. Dei er nedfelt i kommentarane til modellreglane og administrative rettleiingar som supplerer og vidareutviklar modellreglane og kommentarane. IF har publisert administrative rettleiingar i desember 2022, februar 2023, juli 2023 og desember 2023. Endringar som følgje av desse rettleiingane er innarbeidd i suppleringsskatteloven og forskrifta. I tillegg publiserte IF administrative rettleiingar i juni 2024 og januar 2025. Dette høyringsnotatet gjeld implementering av desse rettleiingane.

Reglane om global minimumsskatt føreset at konsernet si effektive skattesats vert rekna ut for kvar jurisdiksjon. Dersom den ligg under 15 prosent, vert det rekna ut ein skatt som skal tilsvare differansen mellom effektiv skattesats og 15 prosent. Modellregelverket og suppleringsskattelova med forskrift har detaljerte reglar om korleis skatten skal reknast ut for den enkelte konserneininga. Ein stor del av dei to rettleiingane består av presisering og utfylling av desse føresegnene. Lov- og forskriftsendringane som vert føreslått i dette høyringsnotatet, skal bidra til at suppleringsskatteloven samsvarar med modellreglane, kommentarane og den administrative rettleiinga.

I høyringsnotatet vert det føreslått at endringane i hovudsak får verknad frå og med inntektsåret 2024.

Også instansar som ikkje står på høyringslista, kan gje høyringsfråsegn. Vi ber om at den enkelte høyringsinstans vurderer om saka bør sendast til eventuelle underliggjande verksemder, medlemar eller organisasjonar.

Høyringssvar vert gjeve ved å nytte den digitale høyringsløysinga på regjeringa sine nettsider. Høyringsfråsegner er som hovudregel offentlege etter offentleglova. Dei vert normalt publiserte på regjeringa sine nettsider.

Fristen for å sende inn høyringssvar er 4. august 2025

Med hilsen

 Cecilie Beck Landet (e.f.)
 avdelingsdirektør

                                                                          Hallvard Wiesener Haga
                                                                          seniorskattejurist

Akademikerne
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Datatilsynet
Den norske advokatforening
Den norske Revisorforening
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring
Domstoladministrasjonen
Finansforbundet
Finans Norge
Finanstilsynet
Folketrygdfondet
Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede
Hovedorganisasjonen Virke
Justis- og beredskapsdepartementet
KS
Kystrederiene
Landsorganisasjonen i Norge
Norges Bank
Norges Bondelag
Norges Fiskarlag
Norges ingeniør- og teknologorganisasjon
Norges kemner- og kommuneøkonomers forbund
Norges Rederiforbund
Norsk Bonde- og småbrukarlag
Norsk Økrimforening
Norske kredittopplysningsbyråers forening
Nærings- og fiskeridepartementet
Næringslivets Hovedorganisasjon
Regelrådet
Regnskap Norge
Skattebetalerforeningen
Skatteetaten
Skatteforsk – Centre for Tax Research
SMB Norge
Statistisk sentralbyrå
Storbedriftenes skatteforum
Tolletaten
Utenriksdepartementet
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
ØKOKRIM
Økonomiforbundet