Høyring – endring i skattereglane for valutatap på fordringar mellom nærståande selskap
Høyring | Dato: 26.06.2025 | Finansdepartementet
Finansdepartementet sender på høyring eit framlegg om endringar i forskriftsføresegna om frådrag for tap på fordringar mellom nærståande selskap, i forskrift til skattelova § 6-2-2. Spørsmålet gjeld handsaminga av valutavinst og -tap på slike fordringar. Departementet har vurdert om det bør forskriftsfestas unntak for valutatap på slike fordringar.
Framlegget sikrar frådrag for valutatap på fordringar til nærståande selskap. Målet med endringa er å sikre symmetrisk handsaming, slik at valutavinst framleis er skattepliktig, medan valutatap gjev rett til frådrag.
I høyringsnotatet vert det gjort framlegg om at endringa får verknad frå og med 1. januar 2025.
For å gje høyringsfråsegn, gå til høyringa på www.regjeringen.no og bruk den digitale løysinga for høyringsfråsegn ved å klikke på «Send inn høyringssvar». Høyringsfråsegner er offentlege etter offentleglova og vil bli publiserte på våre nettsider.
Høyringsinstansar som ikkje står på høyringslista, kan òg gi høyringsfråsegn. Vi ber om at den einskilde høyringsinstans vurderer om saka bør sendast til underliggjande etatar eller verksemder, tilknytte verksemder, medlemsorganisasjonar o.l.
Frist for å sende inn høyringssvar er 26. september 2025.
Med helsing
Kari Alice Frønsdal e.f.
avdelingsdirektør
Gard Jakob Ørka
førstekonsulent
Akademikerne
Den Norske Advokatforening
Den norske Revisorforening
Finanstilsynet
Handelshøyskolen BI
Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger
Justis- og beredskapsdepartementet
Landsorganisasjonen i Norge
Norges Bank
Norges Handelshøyskole
Norges Rederiforbund
Norsk Kapitalforvalterforening (NKFF)
Nærings- og fiskeridepartementet
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)
Regelrådet
Regnskap Norge
Skattebetalerforeningen
Skatteetaten
Skatteforsk – Centre for Tax Research
SMB Norge
Storbedriftenes skatteforum
Tax Justice Network – Norge
Unio
Utenriksdepartementet
YS