Historisk arkiv

Status for eSporingsprosjektet desember 2011

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Portal: eSporing

Arbeidet fortset i 2012

Utvikling av den tekniske IKT-løysinga vil bli sluttført primo 2012, i høve til bestillinga frå Landbruks- og matdepartementet til EDB ErgoGroup. Arbeidet med å avklare kven som skal overta og drifte eSporingsløysinga held fram.

Kva skjer i 2012?

Utvikling av den tekniske IKT-løysinga vil bli sluttført primo 2012, i høve til bestillinga frå Landbruks- og matdepartementet til EDB ErgoGroup. Det vil stå att arbeid med nokre tekniske avklaringar av løysinga, kvalitetssikring, utprøving og opplæring utover i 2012.
Arbeidet med å avklare kven som skal overta og drifte eSporingsløysinga held fram. Departementet er i dialog med bransjane og vil framleis vere det, samstundes som ein avventar juridiske vurderingar når det gjeld EØS-reglane for offentleg støtte.
Fleire aktørar har uttrykt ønskje om å få prøve løysinga, og det er bra. Vi tar sikte på å legge til rette for dette etter at dei siste akseptansetestane er ferdige primo 2012. Ein vil da òg arrangere framsyningar av løysinga for ulike aktørgrupper.

Om utviklingsarbeidet

Status og vidare arbeid
Akseptansetesten av eSporingsløysinga vart avslutta juni 2011. Det vart i august inngått avtale med EDB ErgoGroup om utvikling av tre endringar i funksjonaliteten. Desse endringane omfattar følgjande funksjonalitet: Sporingsdata i kart,  legge til rette for utanlandske aktørar og endringar i eSpor-format for opplasting av sporingsdata. Utviklinga av den nye funksjonaliteten er godt i gang. Endringane som handlar om sporingsdata i kart og endringar i eSpor-format er levert til sekretariatet for testing. Tilrettelegging for utanlandske aktørar vart levert til test i månadsskiftet oktober/november. Det blir gjennomført første testing av ny funksjonalitet før bedriftene får ta denne i bruk. I dei periodane der første testing blir gjennomført, vil ikkje løysinga vere tilgjengeleg for ytre brukarar. Periodane der løysinga ikkje er tilgjengeleg, finn du informasjon om på påloggingssida www.espqa.infostorm.no. eSporingsløysinga er tilrettelagt for vidareutvikling av fleire funksjonalitetar. Vidareutvikling av bransjespesifikke ønskje og behov er i utgangspunkt bransjane sitt eige ansvar og vil difor ikkje bli satt i verk som del av dei noverande leveransane.

Vidare testing av eSporingsløysinga
Bedrifter som vil teste eSporingsløysinga er velkomne til å gjere dette. For å bli autorisert som testbedrift må ein ta kontakt med eSporingssekretariatet. Dere vil da motta ein brukartilgang og ulike typar dokumentasjon. Det er òg mogleg å få kurs i eSporing og bruk av eSporingsløysinga. Sekretariatet ønskjer at flest mogleg skal få teste løysinga, og oppmodar bedriftene til aktivt å prøve ut løysinga for å finne ut korleis ho verkar. Det er brukarstøtte tilgjengeleg for bedrifter som treng hjelp til å kome i gang. Ta kontakt med sekretariatet om det er spørsmål til løysinga.

• Om kjernefunksjonaliteten 
I vedlegget kan du lese om kva for funksjonalitet som inngår i det vi meiner med kjernefunksjonalitet i løysinga.

• Planlagte framsyningar av eSporingsløysinga
Det er under førebuing fleire visingar av eSporingsløysinga på nyåret 2012. Bedrifter, bransjeorganisasjonar, styringsgruppa og myndigheitsorgan vil bli invitert. Vi kjem tilbake til konkrete datoar for framsyningane. 


Eigarskap og framtidig drift av løysinga

Forhandlingane med et interimsstyre for eit mogleg føretak ”eSporing AS” vart avslutta i juni 2011. Eigardepartementa vurderer vidare prosess for å avklare framtidig eigarskap og ansvar for drift av løysinga. Det er hausten 2011 halde møte med NHO Mat og bio og med aktørane på fiskesida for å få ein utsjekk om kva som er dei mest aktuelle utfordringane. Staten ønskjer å møte fleire aktørar. Vurderingane etter desse møta må sjåast i samanheng med utfallet av dei juridiske vurderingane kring offentleg støtte.


Juridiske vurderingar

Ei vurdering om framtidig eigarskap og drift av eSporingsløysinga vil bli ferdigstilt i desember 2011. Det er advokatfirmaet Arntzen de Besche AS som har fått oppdraget med dei vurderingane som må gjerast i høve til EØS-avtala sine reglar for offentleg støtte, samt gjeldande konkurranselovgjeving. Føremålet med vurderingane er at dei skal danne eit grunnlag for staten si avgjerd for ei mogleg, realistisk og varig eigarskapsform.


Løyvingar over statsbudsjettet i 2012

I forslaget til statsbudsjett for 2012 gjer regjeringa framlegg om ei løyving på 3 millioner kroner til eSporingsprosjektet. Løyvinga skal dekkje kostnader fram til alle testar av løysinga er sluttført, og til naudsynt dokumentasjons- og rettleiingsmateriell er utarbeidd. Vidare skal løyvinga dekkje kostnader til lisensar/teknisk drift av løysinga fram til ho blir teken over av andre brukarar. Dette kan òg omfatte kompetanseoverføring og mindre tilpassingar i den tekniske løysinga av omsyn til framtidige brukarar.