Akseptansetesten for eSporingsløysinga er godkjent
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Portal: eSporing
Nyhet | Dato: 29.06.2011
Ein milepæl i eSporingsprosjektet vart nådd den 10. juni da Landbruks- og matdepartementet godkjende akseptansetesten for eSporingsløysinga.
Akseptansetesten for eSporingsløysinga er godkjent
Ein milepæl i eSporingsprosjektet vart nådd den 10. juni da Landbruks- og matdepartementet godkjende akseptansetesten for eSporingsløysinga. I praksis handlar det om at løysinga dekkjer den grunnleggande funksjonaliteten som trengs for å få til reell heilkjedesporing, og at den er verksam.
eSporingsløysinga er testa mellom anna av bedrifter i matsektoren, i tillegg til dei reint tekniske testane.
Forbetringspotensial og nyskaping
Undervegs i utviklingsarbeidet er det identifisert område og funksjonalitet som kan bli betre. Dette gjeld i særleg grad brukargrensesnitt, rapportar og spørjingar. Eventuell vidareutvikling og raffinering av løysinga vil bli sett i samanheng med behov hos framtidige brukarar av løysinga.
eSporingsløysinga legg opp til at kjedesporing skal kunne skje elektronisk gjennom heile produksjonskjeda, slik at ein raskt kan finne fram til opphavet til alle ingrediensar i eit produkt og tilsvarande raskt finne fram til dei produkta som inneheld ein ingrediens frå eit bestemt vareparti. Departementet er ikkje kjent med at tilsvarande løysingar er utvikla i andre land.
Framtidig eigarskap
Sidan eSporingsprosjektet vart starta, er det lagt til grunn at næringsaktørar skal overta ansvaret for drift av løysinga når den er ferdig utvikla. Det har sidan vinteren 2011 vore forhandlingar mellom eit interimsstyre og staten med tanke på å førebu eigarskap for eit selskap som skal overta bruksretten og drifte løysinga i framtida. Det er framleis uklart korleis framtidig eigarskap skal sjå ut, men det vil bli arbeidd med å kome fram til ei omforeint løysing.
- Jeg har forventninger til at næringsaktørene fortsetter sitt samarbeid med myndighetene for å finne en løsning for næringas organisering av en velfungerende helkjedesporingsløsning. Fremtidig drift må sikre at løsningen blir tatt i bruk av aktører langs hele produksjonskjeden for mat, sier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.