Historisk arkiv

6 mill kr til eSporingsprosjektet i 2011

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Portal: eSporing

I regjeringens forslag til Statsbudsjettet for 2011 er det satt av 6 millioner kroner til eSporingsprosjektet for 2011. Midlene bevilges under kap 1115 Mattilsynet post 23 "Særskilde prosjekt". I 2011 blir arbeidet med eSporingsprosjektet sluttført.

I regjeringens forslag til Statsbudsjettet for 2011 er det satt av  6 millioner kroner til eSporingsprosjektet for 2011. Midlene bevilges under kap 1115 Mattilsynet post 23 "Særskilde prosjekt". I 2011 blir arbeidet med eSporingsprosjektet sluttført.

 

Budsjetteksten fra Statsbudsjettet 2011:

”Løyvinga på posten skal dekke det offentlege sine utgifter og ferdigstilling av utviklinga av eit elektronisk system for betre sporing i matproduksjonskjeda (eSporingsprosjektet). Ein gjer framlegg om ei løyving på 6 mill. kroner.

Ein tek sikte på å avslutte prosjektet 1. juli 2011, og overføre eSporingsløysinga til ein ny eigarorganisasjon samansett av aktørar innanfor matbransjen. Midla vil bli nytta til drift av eSporingssekretariatet og eSporingsløysinga fram til matbransjen tek over sommaren 2011. Midlane vil òg bli nytta til vidareutvikling av løysinga og optimalisering av grensesnittet mot offentlege register samt tiltak retta mot næringsaktørar og verksemder for å få dei til å ta løysinga i bruk.

Målet for prosjektet er å leggje til rette for etablering av ein nasjonal, elektronisk infrastruktur for effektiv utveksling av informasjon i matproduksjonskjeda. Elektroniske løysingar vil leggje grunnlag for betre beredskap og auka verdiskaping i alle ledd. Gode system for sporing er viktig dersom helseskadelege produkt kjem ut på marknaden, slik at verksemdene raskt kan trekke desse tilbake og gi tydeleg og riktig informasjon til forbrukarane og Mattilsynet.

eSporingsprosjektet er eit krevjande og innovativt utviklingsprosjekt. Det har vore eit betydeleg kunnskapsløft blant dei deltakande aktørane med utvikling av bransjestandardar og gode sporingssystem gjennom heile produksjonskjeda.”

Les hele Statsbudsjettet 2011 på Regjeringen.no