Samferdselsdepartementet

Jon-Ivar Nygård (Ap)

Samferdselsminister

Samferdselsdepartementet (SD) har det overordna ansvaret for rammevilkår for postverksemda, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren og for riksvegferjene.
stockfoto av passasjerer som går inn på tog

Jernbane i statsbudsjettet 2025:

Trappar opp innsatsen for å redusere forseinkingar og innstillingar i togtrafikken

Pressemelding 07.10.2024

Regjeringa foreslår å løyve 6,6 milliardar kroner til drift og vedlikehald av infrastrukturen på jernbane i 2025, ein auke på 26 prosent frå 2024. Til fornying av jernbanen er det prioritert drygt 5,5 milliarder kroner, som er 38 prosent meir enn i fjor. Samla blir løyvinga til drift, vedlikehald og fornying foreslått auka med 3,2 milliarder kroner.