Avdeling for areal-, nærings- og skogpolitikk (ANS)

Avdelinga skal bidra til å utvikla ein langsiktig skog- og ressurspolitikk for verdiskaping, miljø og berekraftig næringsutvikling. Avdelinga har ansvaret for å utvikla eit moderne og sterkt jordvern, og for strategiar og verkemiddel for næringsutvikling innanfor verdikjedene frå jord, skog og utmark. Avdelinga har ansvar for eigedomslovgjevinga i landbruket og følgjer opp jordskifterettane. Avdelinga følgjer òg opp Svalbard Globale Frøkvelv, og har styringsdialogen med Innovasjon Noreg og Bionova. Eigarstyringa av Statskog SF, Kimen og Graminor ligg under avdelinga.

Avdelinga har følgande seksjonar:

  • Seksjon areal- og eigedomspolitikk (SAE)

    Oppgåvene til seksjon areal- og eigedomspolitikk er mellom anna saker innanfor arealpolitikk og samfunnsplanlegging, eigarforhold i landbruket, bruksstruktur og rettshøve som gjeld odel, beite og gjerde. Oppgåvene omfattar òg jordvern, saker knytt til innvendingar mot planar og høyringssaker etter plan- og bygningslova med meir. Under slike høyringar ligg mellom anna energiutbyggingssaker, areal- og konsesjonssaker etter anna lovverk og kva konsekvensar slike tiltak kan få for reindrift og landbruk.

  • Seksjon næringsutvikling og regionalpolitikk (SNR)

    Oppgåvene til Seksjon næringsutvikling og regionalpolitikk knyter seg til regional- og distriktspolitikk så vel som oppgåver knytte til næringsutvikling og verdiskaping, utvikling av landbruks- og utmarksbaserte næringar, genressursar og regional- og disktrikspolitikk. Seksjonen koordinerer og følgjer også opp departementet sitt sektoransvar innanfor rekruttering til landbruksutdanning og kompetansetiltak i sektoren, og har ansvar for departementet sin styringsdialog med Statsforvaltaren og Innovasjon Noreg og kontakta med fylkeskommunen.

  • Seksjon for skogpolitikk, miljø- og viltforvaltning (SMV)

    Ansvarsområdet til Seksjon skogpolitikk, miljø- og viltforvalting dekkjer skog, klima og naturmangfald. Innanfor dette har seksjonen også ansvar for lover og forskrifter knytte til skogbruket, så vel som næringspolitikk og forsking på området.