Proposisjon om endringar i krisesenterlova

Vil ha betre tilpassa krisesenter

Regjeringa legg i dag fram forslag til endringar i krisesenterlova og føreslår mellom anna krav om likeverdig butilbod for valdsutsette med rusmiddelutfordringar i tillegg til særskilde rettar til samar.

– Kvinner, menn og barn utsette for vald i nære relasjonar skal få eit heilskapleg og tilpassa krisesentertilbod, uansett kven dei er og kva livssituasjon dei er i, seier barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap).

Krisesenterlova legg til kommunane å sørgje for eit krisesentertilbod for kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar om vald i nære relasjonar.

Blant endringane departementet føreslår er:

  • Eit krav om at kommunen skal sørgje for likeverdige butilbod for dei som av ulike grunnar ikkje kan nytte butilbodet slik det er i dag. Det inneber at nokre grupper som i dag blir avviste frå krisesentera, vil få eit betre tilbod. Det gjeld til dømes valdsutsette med rusmiddelutfordringar eller psykiske lidingar.
  • Ei eiga føresegn om dei særskilde rettane til samar.
  • Ei tydeleggjering av at oppfølging i reetableringsfasen skal vere i samarbeid med andre deler av tenesteapparatet.

Proposisjonen inneheld òg ein meldingsdel som skildrar einskilde tiltak som støtter opp under kommunane si utvikling av krisesentertilbodet. Regjeringa understrekar mellom anna i meldingsdelen behovet for god leiing og styring av tilbodet frå kommunen si side.

– Vald i nære relasjonar er eit stort samfunnsproblem, med betydelege kostnadar for dei som er utsette og for samfunnet. Vi har eit godt krisesentertilbodet i Noreg, men enkelte grupper får ikkje det tilbod dei treng. No gjer vi lovendringar for å skape eit endå betre tilbod, seier Vågslid.

Regjeringa har ein opptrappingsplan mot vald i næra relasjonar, og arbeidet med krisesenterlova inngår i denne planen.