Vil endre lova for at Trygderetten skal behandle sakene raskere
Pressemelding | Dato: 11.04.2025 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Regjeringa føreslår endringar i trygderettslova. Endringane skal bidra til at personar som ankar vedtak om trygd og pensjon får saka si behandla raskare.
– Når du står i ein vanskeleg livssituasjon, kan det vere tungt å måtte vente lenge på svar. Målet med desse endringane er at ventetida skal bli kortare, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.
Trygderetten behandlar klager på trygde- og pensjonsvedtak, oftast frå Nav. Endringane regjeringa no føreslår skal auke effektiviteten i ankebehandlinga i Trygderetten, utan at det går ut over kvaliteten.
– Folk skal få tenester av god kvalitet til rett tid. Det bidrar til at tilliten til forvaltninga blir styrka, og kan igjen vere med på å redusere talet på klager, seier Brenna.
- At ankeerklæringar skal framsetjast direkte for Trygderetten.
- At Trygderetten si rettleiingsplikt blir tydeleggjort.
- At Trygderetten skal setje frist for tilsvar frå ankemotparten, og at den normalt bør vere på fire veker.
- At Trygderetten må komme med avgjerda si innan seks månader etter at ankeerklæringa blei framsett, med mindre særlege grunnar ligg føre.
Følgjer opp «Raskt og riktig»
Regjeringa har allereie gjort endringar for at Trygderetten skal behandle sakene raskare. Desse trådde i kraft i 2024. Mellom anna skal det berre vere eitt juridisk kyndig rettsmedlem i staden for to, og det skal vere meir fleksible krav til grunngjevingar for dommane som blir gitt.
Desse endringane og dei som no føreslås følgjer opp fleire av forslaga i NOU 2023:11 Raskt og riktig. Der gjekk eit utval oppnemnt av regjeringa gjennom klage- og ankesystemet i Arbeids- og velferdsetaten og Trygderetten. Utvalet vart sett ned på grunn av lange saksbehandlingstider og eit aukande tal på klage- og ankesaker. Utvalet føreslo ei rekkje tiltak for å forbetre systemet og redusere den samla saksbehandlingstida.