Utvidingane av opsjonsskatteordninga for oppstarts- og vekstselskap trer i kraft 13. mars 2025
Nyheit | Dato: 12.03.2025 | Finansdepartementet
EFTAs overvakingsorgan (ESA) har godkjent utvidingane av opsjonsskatteordninga for oppstarts- og vekstselskap. Finansdepartementet har i dag gjort forskriftsendringar som gjer at fleire selskap kan bruke den gunstige særordninga.
Regjeringa føreslo i statsbudsjettet for 2025 utvidingar av den gunstige skatteordninga for tilsetteopsjonar i oppstarts- og vekstselskap. Bakgrunnen for forslaget var eit oppmodingsvedtak frå Stortinget i juni 2024. Utvidingane vart vedtekne av Stortinget i desember i fjor, men kunne ikkje tre i kraft før dei var godkjende av ESA.
ESA godkjende utvidingane 12. mars, og Finansdepartementet har i dag fastsett endringar i skattelovforskrifta som gjennomfører desse.
Endringane inneber at fleire selskap kan bruke ordninga, ved at følgjande krav til selskapet er endra:
- Selskapet kan ikkje ha fleire enn 150 tilsette året før tildeling (tidlegare 50 tilsette)
- Selskapets balansesum året før tildeling kan ikkje overstige 200 mill. kroner (tidlegare 80 mill. kroner)
- Selskapet kan ikkje vere eldre enn 12 år i tildelingsåret (tidlegare 10 år)
Utvidingane gjeld for opsjonar som blir tildelte 13. mars 2025 eller seinare. Øvrige vilkår til høvesvis selskap, tilsett og opsjon blir vidareførte uendra.
Det er i tillegg fastsett ei teknisk endring i forskrifta § 5-14-12 første ledd bokstav f. Dette er ei tilpassing til at Statistisk sentralbyrå sin gjeldande Standard for næringsgruppering vert erstatta av ein ny versjon 1. september i år, og har ikkje materiell verknad. Denne endringa trer i kraft 1. september 2025.