Utvida informasjonsutveksling mellom helsetenesta og politiet

Regjeringa foreslår å gi helsepersonell større rett og plikt til å dele informasjon med politiet og PST om personar med psykiske lidingar som kan utgjere ein risiko for vald. Dette skal bidra til å førebygge alvorlege valdshendingar og styrke samfunnsvernet.

Forslaget kjem som eit svar på behovet for å hindre alvorlege valdshendingar utført av personar med psykiske lidingar.

– Det er viktig at vi har eit system som gjer det mogleg å førebygge alvorlege hendingar. Eit viktig formål med dei foreslåtte lovendringane er å bidra til at helsetenesten får eit betre grunnlag til å gjennomføre gode valdsrisikovurderingar, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.

– PST har ansvar for å førebygge og etterforske svært alvorlege straffbare handlingar som truar tryggleiken i samfunnet eller grunnleggande samfunnsinstitusjonar. Førebyggingsaspektet er særs viktig, og vi foreslår derfor ei større moglegheit for dei til å hente inn nødvendige opplysningar, seier justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen. 

Varslingsplikt for helsepersonell og innhenting av informasjon

Fagleg ansvarleg må varsle politiet når pasientar som er under tvungent psykisk helsevern fordi de utgjer ein fare for andre, får permisjon eller blir overført til tvang utan døgnopphald. I tillegg skal politiet varslast ved permisjonar, overføringar mellom døgninstitusjonar, og overføring til tvungent psykisk helsevern utan døgnopphald for domfelte som sonar dom på tvungent psykisk helsevern.

Desse pliktene til å varsle politiet gjeld i den grad fagleg ansvarleg vurderer at varsling er nødvendig av omsyn til samfunnsvernet.

I tillegg kan helsepersonell kontakte politiet for å få nødvendige opplysningar til bruk i vurderingar av valdsrisiko.

Pålegg om å utlevere opplysningar til Politiets tryggingsteneste (PST)

Regjeringa foreslår at PST får ein heimel, som gjer at dei kan pålegge helsepersonell å utlevere visse opplysningar.

Dette gjeld mellom anna opplysningar om at ein pasient:

  • blir overført til døgnopphald i ein annan institusjon,
  • blir overført til tvungent psykisk helsevern utan døgnopphald
  • blir innvilga permisjon frå tvungent psykisk helsevern
  • blir utskriven frå tvungent psykisk helsevern med døgnopphald
  • om korleis helsepersonellet vurderer ein pasient si risiko for å utøve vald og
  • innhaldet i en eventuell risikohandteringsplan.

Slike pålegg om å utlevere opplysningar til PST skal kunne bli gitt etter nærare vilkår og rammer, mellom anna skal det krevjast at det er grunn til å undersøke om personen førebur nærare bestemte straffbare handlingar.

Regjeringa har ikkje konkludert i spørsmålet om ein bør innføre ein uavhengig forhandskontroll av PST sine pålegg om utlevering av informasjon, og har derfor lagt fram to alternative forslag. Det eine gir PST direkte tilgang til å pålegge helsepersonell å utlevere opplysningar utan krav om forhandskontroll, mens det andre krev orskurd frå retten for å gi eit slikt pålegg.

Det kan vere av avgjerande betyding for PST sitt førebyggande arbeid at ein person ikkje blir gjort kjent med at PST har kontakta helsetenesten og kva opplysningar om vedkommande som eventuelt er utlevert. Regjeringa foreslår derfor også ein heimel for PST til å pålegge helsepersonellet teieplikt overfor pasienten og andre om at det er gjeve pålegg om utlevering av opplysningar, at opplysningar er utlevert til PST og om kva opplysningar som er utlevert. Pasienten skal heller ikkje gjevast innsyn i opplysningar som omfattast av pålegget.

Betre samfunnsvern

Målet med forslaga er å styrke samfunnsvernet ved å sikre nødvendig informasjonsutveksling mellom helsepersonell og politiet og PST.

– Samarbeidet mellom helsetenesta, politiet og PST er avgjerande for å førebygge alvorlege hendingar og forhindre terror og andre alvorlege truslar mot samfunnet. Endringa vil gi både helsepersonell, politiet og PST betre verktøy for å utføre sine oppgåver, seier justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen.

Forslaga er no sendt ut på høyring med frist 4. november 2025.