Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 27
Pressemelding | Dato: 27.06.2025 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.
Måndag 30. juni
Kl. 09.00: Energiminister Terje Aasland er i Horten, der han deltek på opninga av Oslofjorden Test Bed. Oslofjorden Test Bed er eit testsenter for nye teknologiar, produkt og system for overvaking av undersjøisk infrastruktur. Stad: Nedre vei 8, Horten.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Skogholt, telefon 45 43 93 49, e-post ingrid.skogholt@ed.dep.no.
Kl. 13.15: Energiminister Terje Aasland besøkjer Rena, der han får ei orientering om Åmot kommune sin kraftstrategi. Han skal også på befaring i Raskiftet vindpark. Programmet startar på Åmot kulturhus. Adresse: Torget 1, Rena.
Pressekontakt er politisk rådgivar Snorre Erichsen Skjevrak, telefon 41 25 20 66.
Kl. 18.00: Energiminister Terje Aasland deltek på eit ope møte om energipolitikk, i regi av Elverum Ap. Møtet går føre seg på Kafe Øst. Adresse: Torggata 4, Elverum.
Pressekontakt er politisk rådgivar Snorre Erichsen Skjevrak, telefon 41 25 20 66.
Tysdag 1. juli
Kl. 10.00: Energiminister Terje Aasland har møte med Google. Tema for møtet er datasenter og kraftbehov.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.