Tilbyr eit nytt løyve for CO2-lagring på norsk sokkel
Pressemelding | Dato: 13.06.2025 | Energidepartementet
Energidepartementet offentliggjer i dag tilbod om eit nytt leiteløyve for CO2-lagring på kontinentalsokkelen. Løyvet ligg i Nordsjøen.
– Regjeringa legg til rette for at Noreg skal kunne ta imot store mengder CO2 frå Europa. Lagringa skal skje på kommersielle vilkår, der dei med utslepp betaler for lagringa. Dette blir det fjortande løyve for CO2-lagring på norsk sokkel. Dette viser at det er interesse for å tilby trygg og sikker lagring av CO2 ,som blir fanga i Europa, seier energiminister Terje Aasland.
Tilbodet om eit nytt leiteløyve blir gitt til Equinor Low Carbon Solution AS og ligg i Nordsjøen. Løyvet kjem med eit forpliktande arbeidsprogram, med innlagde milepælar som sikrar effektiv framdrift, eller tilbakelevering av areala dersom rettshavarane ikkje gjennomfører lagringsprosjektet.
Noreg har eit stort potensial for lagring på kontinentalsokkelen. Til no er det tildelt til saman 13 løyve for CO2-lagring på norsk sokkel: 1 utnyttingsløyve og 12 leiteløyve. Dagens tilbod blir det fjortande løyvet for lagring av CO2 på norsk kontinentalsokkel.
Meir informasjon, kart og arbeidsprogram er tilgjengeleg på nettsidene til Sokkeldirektoratet.
Bakgrunn
Verksemd retta mot undersøking og leiting etter undersjøiske reservoar for lagring av CO2, og dessutan utnytting, transport og lagring av CO2 i slike reservoar på norsk kontinentalsokkel, er regulert i lagringsforskrifta (forskrift 5. desember 2014 nr. 1517).
Alle som skal drive slik lagringsverksemd treng eit løyve etter forskrifta. I tillegg har Havindustritilsynet i 2020 fastsett ei forskrift om sikkerheit og arbeidsmiljø ved transport og lagring av CO2 på kontinentalsokkelen.
Norske styresmakter vil leggje til rette for samfunnsøkonomisk lønnsam lagring av CO2 på norsk sokkel. Selskap som har den nødvendige kompetansen og som har konkrete, industrielle planar som medfører eit lagringsbehov på kommersielt grunnlag kan søkje Energidepartementet om eit løyve tilpassa behovet til verksemda. Staten vil føre ein føreseieleg, effektiv og fleksibel prosess for å gi industrielle aktørar tilgang til aktuelle lagringsmoglegheiter. Område som er aktuelle for tildeling vil bli lyste ut mellom anna for å sikre konkurranse.
I tråd med lagringsforskrifta forventar departementet normalt å tildele eit leiteløyve før tildeling av eit utnyttingsløyve i eit aktuelt område. Leiteløyve kan tildelast til eitt eller fleire kompetente selskap. Dersom eit løyve blir tildelt fleire selskap, vil departementet som hovudregel peike ut eitt av selskapa som operatør.
Tildeling av leiteløyve vil normalt gjerast med eit arbeidsprogram med éin forpliktande fase og påfølgjande fasar med vilkår om avgjerdspunkt for vidareføring eller tilbakelevering av arealet til staten. Tilbakelevering gjer at andre interessentar med lagringsbehov kan søkje om å få tildelt området. Arbeidsprogrammet vil normalt avsluttast med eit krav om at selskapa tek ei investeringsavgjerd om realisering av CO2-lager, og at dei deretter leverer inn plan for utbygging og drift (PUD) for lagringslokaliteten, eller at dei leverer området tilbake.