Thor Gjermund Eriksen ny styreleiar i Norsk Folkemuseum

– Vi har fått på plass eit kompetent og breitt samansett styre for Norsk Folkemuseum. Det er særleg gledeleg at Thor Gjermund Eriksen er vald til styreleiar – han har solid erfaring frå leiing av store verksemder. Det nye styret vil styrkje og vidareutvikle museet som ein viktig møteplass for kunnskap og opplevingar for eit mangfaldig publikum. Eg takkar òg avtroppande styreleiar Olemic Thommessen for innsatsen, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Stiftinga Norsk Folkemuseum har eit styre som består av åtte medlemmar og seks varamedlemmar. Av desse har Kultur- og likestillingsdepartementet oppnemnt følgjande medlemmar for perioden 1. juli 2025 til 1. juli 2029:

Styreleiar Thor Gjermund Eriksen, Oslo (ny)
Medlem Helge Jordheim, Drammen
Medlem Rigmor Aasrud, Jevnaker (ny)
Medlem Amela Koluder, Oslo (ny)
Første varamedlem Lisa Dunfjeld-Aagård, Snåsa
Andre varamedlem Henrik Treimo, Oslo (ny)

I tillegg blir følgjande oppnemnde:

  • To medlemmar og to varamedlemmar av og blant dei tilsette ved Norsk Folkemuseum
  • Eitt medlem og eitt varamedlem valt av og blant medlemmane i Norsk Folkemuseum (årskortinnehavarar)
  • Eitt medlem og eitt varamedlem peika ut av Norsk Maritimt Museums Venner på foreininga sitt årsmøte

Stiftinga Norsk Folkemuseum er Noregs største kulturhistoriske museum, oppretta i 1894. Museet skal byggje, forvalte og formidle historisk kunnskap og skape opplevingar med relevans for menneske sitt liv i notid og framtid.

Stiftinga består av seks museum og besøksstader som ligg i Oslo og på Eidsvoll: Norsk Folkemuseum, Norsk Maritimt Museum, Bygdø Kongsgard, Bogstad Gård, Ibsen Museum og Teater og Eidsvoll 1814.

Norsk Folkemuseum har nyleg vore gjennom fleire større prosessar, som omorganisering, flytting av museet sine samlingar til nytt eksternt magasin i Drøbak, og opning og drift av det nye Ibsen Museum og Teater. Museet er eit veldrive og profesjonelt museum med høge besøkstal, i 2024 hadde dei rekord med 523 000 besøkande.