Styreval i Gassco

På generalforsamlinga 20. juni vart Siri Birgitte Bang Berge valt inn som nytt styremedlem i Gassco AS.

Gassco er operatør for det integrerte transportsystemet for gass frå norsk kontinentalsokkel til marknadene i Europa. Gasstransportsystemet består av røyrleidningar, prosessanlegg og gassterminalar på det europeiske kontinentet og i Storbritannia.

Som operatør har selskapet ansvar for trygg og effektiv transport av gass frå norsk sokkel, og leverer ein betydeleg del av gassen som blir brukt i EU og Storbritannia. Staten eig Gassco, og eigarskapen blir forvalta av Energidepartementet.

Etter generalforsamlinga er dette dei aksjonærvalde medlemmene i styret:

Leiar: Jan Steffen Skogseth

Styremedlem: Karl-Petter Løken

Styremedlem: Bente Nyland

Styremedlem: Asgeir Tomasgard

Styremedlem: Siri Birgitte Bang Berge