Stykkprisar i nye saker etter rettshjelpslova

Justis- og beredskapsdepartementet har vedteke endringar i stykkprisforskrifta.

Stortinget vedtok 10. juni 2025 Arbeidarparti-regjeringa sitt forslag om endringar i rettshjelpslova, som gir rett til fri rettshjelp i fleire type saker.  I revidert nasjonalbudsjett 2025 vart det løyvd midlar slik at endringane som gjer at innsette i fengsel får rett til advokatbistand ved dei mest alvorlege inngrepa etter straffegjennomføringslova, kan setjast i kraft frå 1. juli 2025. Justis- og beredskapsdepartementet har fastsett stykkprisar for bistanden til advokaten i desse sakene.

- Noreg er ein rettsstat der folks rettstryggleik skal prioriterast. Eg er glad for at denne utvidinga av rettshjelpsordninga har komme på plass så raskt, seier justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen (Ap).

Departementet tek sikte på å sende endringane i stykkprisforskrifta på høyring like over sommaren.

Forskrift om endring i stykkprisforskrifta - Lovdata