Støttemodellen for flytande havvind er godkjent
Pressemelding | Dato: 15.04.2025 | Energidepartementet
Støttemodellen for flytande havvind i området Utsira Nord er godkjent av EFTAs overvakingsorgan (ESA). Energidepartementet er i gang med å førebu utlysinga, som vil skje så snart som mogleg.
– Eg er glad for at ESA i dag har godkjent støttemodellen for flytande havvind i Utsira Nord. Støttemodellen som no er godkjent vil bidra vesentleg til utviklinga av flytande havvind og eg ser fram til å lyse ut konkurransen så snart som mogleg, sier energiminister Terje Aasland.
I notifiseringa legg departementet til grunn ein modell der tildeling av prosjektområde og statsstøtte skjer i to steg med ein modningsfase imellom. Tre prosjektområde vil bli tildelt i ein konkurranse basert på objektive og ikkje-diskriminerande, kvalitative kriterium.
Etter ein modningsperiode på om lag to år vil aktørane som har blitt tildelt prosjektområde få moglegheit til å delta i ein auksjon om statsstøtte. Auksjonen vil bli lagt opp slik at ein aktør kan få støtte til eit prosjekt med kapasitet på 500 MW. Vinnaren av auksjonen er den aktøren som har behov for minst statsstøtte for å realisere sitt prosjekt. Stortinget har sett den øvre finansielle ramma for statsstøtta til 35 milliardar kroner. Støtta vil bli gitt som investeringsstøtte.
Det er første gong ein slik modell blir behandla etter statsstøtteregelverket.
– Eg vil takke ESA for god dialog over tid. Arbeidet med modellen har medført nybrottsarbeid og har kravd betydelege ressursar frå både departementet og ESA, seier Aasland.
Bakgrunnsinformasjon:
ESA har godkjent modell for statsstøtte til flytende havvind i Utsira Nord. Det har vore ein føresetnad med godkjenning frå ESA før utlysinga kan gjennomførast. Departementet er i gang med å førebu utlysinga og nødvendige dokument. Utlysninga vil gjennomførast så snart som mogleg. Detaljar i modellen vil bli kjent ved utlysinga.