Statsbudsjettet 2025
1,1 milliardar kroner meir til drift og vedlikehald av riksvegane
Pressemelding | Dato: 07.10.2024 | Samferdselsdepartementet
Regjeringa foreslår å løyva 10,8 milliardar kroner til drift og vedlikehald av riksvegnettet i 2025. Dette er ein auke på 1,1 milliardar kroner samanlikna med statsbudsjettet for 2024.
– Vi følgjer opp Nasjonal transportplan ved å foreslå ein auke på 1,1 milliardar kroner til vedlikehald av riksveg. Godt vedlikehald er avgjerande for å ha eit godt, sikkert og fungerande vegnett og for at vegane skal kunna brukast trygt i åra framover. Denne satsinga gjer at tilstanden på riksvegnettet vil bli betre i 2025, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Å prioritere drift og vedlikehald gir god framkome og betyr betre trafikktryggleik, samt bidreg til klimatilpassing og styrker militær mobilitet. Ved å gjera vegnettet meir robust, førebyggjer vi uønskte hendingar og vi reduserer konsekvensane om dei oppstår.
Regjeringa foreslår i samsvar med Nasjonal transportplan 2025–2036 å auke ramma Statens vegvesen har til å inngå fleirårige vedlikehaldskontraktar. Det legg til rette for meir effektiv gjennomføring av vedlikehaldet, mellom anna gjennom fleirårige vedlikehaldsplanar.
– Den auka ramma til fleirårige vedlikehaldskontraktar gjer at Statens vegvesen kan gjere vedlikehald på ein meir effektiv måte. Det legg mellom anna til rette for meir heilskapleg utvikling av strekningar over fleire år. Det vil òg gjere vedlikehaldsarbeidet meir føreseieleg for entreprenørane, seier Nygård.