Torsdag 15. juni kl 11.00:

Samtykkeutvalet legg fram sin rapport

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol vil torsdag 15. juni ta imot rapporten frå ekspertutvalet som har evaluert vilkåret om manglande samtykkekompetanse for bruk av tvang i psykisk helsevern.

Nett-tv Samtykkeutvalet legg fram rapport

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Manglande samtykkekompetanse som vilkår for vedtak om tvungen observasjon, tvungent psykisk helsevern og tvangsbehandling blei innført i psykisk helsevernloven i 2017.

Hurdalsplattformen slår fast at regjeringa skal «evaluere endringa i psykisk helsevernloven om innføring av krav til samtykke ved innlegging i tvungent psykisk helsevern». Dette arbeidet er no ferdig og rapport blir overlevert til helse- og omsorgsministeren torsdag 15. juni.

Utvalet har vore leia av Øystein Mæland, administrerande direktør ved Akershus universitetssjukehus.

Tid: Klokka 11.00 – 12.00
Sted: Marmorhallen, Kongens gate 18-20 (Klima- og miljødepartementet)

Media er velkomen til å delta og statsrådane er tilgjengelege for presse i etterkant av overleveringa.

Pressekontakt for Kjerkol: Kommunikasjonsrådgjevar Anne Kathrine Aambø, mobil 41 29 30 18

Strauming:
Arrangementet blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.

Rapport i PDF og andre format kan lastes ned fra denne nettsiden