Regjeringa sender strategisk konsekvensutgreiing for havvind på høyring

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) leverte i dag den strategiske konsekvensutgreiinga for nye område som kan vere aktuelle for fornybar energiproduksjon til havs. Utgreiinga blir no send på brei høyring.

– Eg håpar den strategiske konsekvensutgreiinga gir eit godt grunnlag for å vurdere kvar det kan byggjast ut meir havvind på ein kostnadseffektiv, trygg og ansvarleg måte. No inviterer me industrien, næringsliv, organisasjonar og andre aktørar til å kome med sine innspel. Me held tempoet oppe i havvindsatsinga, og tek nye, viktige steg for havvind i Noreg, seier energiminister Terje Aasland.

Den strategiske konsekvensutgreiinga omfattar til saman 20 område som NVE har identifisert som aktuelle for fornybar energiproduksjon til havs. Dei første tre vart utgreidd i 2024. Utgreiinga som no er levert, gjeld resten av dei identifiserte områda. 

NVEs pressemelding og annan informasjon om den strategiske konsekvensutgreiinga kan lesast her