Regjeringa lanserer ein nasjonal rettleiar om kjønnsmangfald

Regjeringa starta i 2024 arbeidet med ein nasjonal rettleiar for kjønnsmangfald. Rettleiaren skal bidra til anerkjenning av kjønnsmangfald og ikkje-binære i offentlege tenester, og har som mål å føre til betre levekår og livskvalitet, samt eit meir effektivt vern mot diskriminering for både binære og ikkje-binære transpersonar.

Med rettleiaren for kjønnsmangfald er regjeringa i gang med å følgje opp utgreiinga av ein tredje juridisk kjønnskategori. Utgreiinga slår fast at ei fullverdig innføring av ein tredje juridisk kjønnskategori inneber ei endring i Folkeregisteret, noko som først vil vere mogleg å gjennomføre i 2032.

Rettleiaren er utarbeidd av Bufdir på oppdrag frå kultur- og likestillingsministeren: Kjønnsmangfold - faglige råd for offentlig ansatte - Bufdir.no

– Denne rettleiaren er eit viktig bidrag i arbeidet for å sikre eit meir likeverdig offentleg tenestetilbod, og for å styrkje diskrimineringsvernet overfor transpersonar og ikkje-binære. Rettleiaren gjeld alle offentlege tenester, og det potensielle nedslagsfeltet er difor svært stort, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Særleg utsett gruppe

Levekårsundersøkinga blant skeive frå 2020 viste at transpersonar er den gruppa av skeive i Noreg som er mest utsett for diskriminering, vald og psykisk uhelse. Den same undersøkinga viser at éin av fire transpersonar har opplevd direkte truslar om vald, samanlikna med 14 prosent av cispersonane som deltok i undersøkinga.

I levekårsundersøkinga rapporterte transpersonar i større grad enn andre skeive om låg livstilfredsheit, og éin av tre transpersonar oppgav at dei hadde forsøkt å ta sitt eige liv. Omfanget og kvaliteten på det offentlege tenestetilbodet, inkludert tilbod om helsehjelp, har stor betydning for levekår og livskvalitet.

Svarar på tre hovudspørsmål

Rettleiaren presenterer faglege råd som svarar på desse tre hovudspørsmåla:

  1. Kva må offentleg tilsette vite om kjønnsmangfald for å kunne gi gode tenester til transpersonar/ikkje-binære/andre som bryt med normer for kjønn?
  2. Kva kan offentleg tilsette gjere for at kjønnsminoriteter skal oppleve tryggleik i møte med offentlege tenester?
  3. Kva er gode formuleringar og døme på spørsmål som offentleg tilsette kan bruke i møte med kjønnsminoriteter?

Rettleiaren inneheld òg informasjon om ulike føresegner som gir vern til enkeltpersonar på bakgrunn av kjønnsidentitet og/eller kjønnsuttrykk, eller som pålegg offentlege styresmakter, arbeidsgjevarar eller andre institusjonar ei plikt til å fremje likestilling for kjønnsminoriteter. Rettleiaren inneheld i tillegg ei ordliste med omgrep og definisjonar knytt til kjønnsmangfald.