Pressemøte om havvind
Nyheit | Dato: 20.06.2025 | Energidepartementet
Energiminister Terje Aasland inviterer til pressemøte i samband med at Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gjennomført ei strategisk konsekvensutgreiing av nye område for fornybar energiproduksjon til havs.
Pressemøte om havvind

Sjå sendinga her
I 2023 identifiserte NVE 20 område som kan vere aktuelle for fornybar energiproduksjon til havs. Den strategiske konsekvensutgreiinga for dei tre første områda blei levert i 2024, og no blir den strategiske konsekvensutgreiinga for dei siste områda levert.
På pressemøtet orienterer NVE om arbeidet som er gjort med den strategiske konsekvensutgreiinga.
Tid:
Måndag 23. juni kl. 11.00.
Stad:
Arrangementet går føre seg i presserommet i R6, Teatergata 9. Oppmøte for presse frå kl. 10.30. Ta med gyldig pressekort og ID.
Påmelding:
Presse kan melde seg på ved å sende e-post til info@ed.dep.no innan måndag 23. juni kl. 09.00.
Send inn spørsmål:
Presse som ikkje har høve til å vere til stades på pressemøtet kan sende inn spørsmål til info@ed.dep.no med teksten «Havvind» i emnefeltet. Avsendar-adressa må vere registrert hjå eit mediehus eller oppgi frilansoppdrag. Me kan ikkje garantere at det blir tid til å stille alle spørsmåla på pressemøtet.
Foto og video:
Energidepartementet legg til rette for deling av foto og video. Foto til fri bruk blir publisert på Flickr.
Arrangementet blir filma av Digitaliseringsorganisasjonen til departementa (DIO) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DIO distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DIO kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dio-lydogbilde@dio.dep.no.
Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.
Pressekontaktar i Energidepartementet er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@ed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Henrik Hoel, telefon 48 13 61 94, e-post henrik.hoel@ed.dep.no.
Pressekontakt i NVE er kommunikasjonsrådgivar Mette Vinther Talberg, telefon 99 69 69 82, e-post mvt@nve.no.