Pressekonferanse om søkartala til universitet, høgskular og fagskular
Pressemelding | Dato: 22.04.2025 | Kunnskapsdepartementet
Måndag 28. april presenterer forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap) og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse årets søkartal til universitet, høgskular og fagskular.
Pressekonferanse om søkartal

Sjå sendinga her
- Tid: Måndag 28. april kl.11-12. (Oppmøte kl.10.45)
- Stad: OsloMet, studenthuset, Pilestredet 52
Fristen for å søke var 15. april, og måndag 28. april blir det kjent kva trendar vi ser blant søkarane i år. Er det fleire eller færre enn i fjor som har søkt? Kva for utdanningsområde har størst vekst, og kva for utdanningsområde har størst nedgang?
Pressekonferansen er på OsloMet. Direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, Sveinung Skule, presenterer søkartala. Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland kommenterer tala, før det blir tid for individuelle intervju.
Pressa er velkomen og det blir høve til å intervjue statsråden og Skule. Rektor ved OsloMet Christen Krogh, vil også vere til stades.
Kontaktperson for spørsmål og påmelding: kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet Johanne Severinsen 91114868 eller e-post: jose@kd.dep.no
Strøyming
Arrangementet blir filma av Digitaliseringsorganisasjonen til departementa(DIO) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DIO distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DIO kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dio-videoproduksjon@dio.dep.no.
Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.