Presseinvitasjon:

Klima- og miljøministeren til Brussel

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen besøker Brussel torsdag 27. mars.

Netthandel er eit av temaa som står på programmet under klima- og miljøministeren sitt besøk til Brussel.

Bjelland Eriksen skal saman med barne- og familieminister Lene Vågslid vere vertskap for eit seminar om utfordringer knytta til handel frå netthandelsplattformer, blant anna risiko for helse- og miljøfarlege kjemikalier i produkt.

Bjelland Eriksen skal og delta på eit frukostmøte med klimaministre frå fleire EU-land. Dei skal mellom anna diskutere korleis vi tilpassar oss klimaendringar og forholdet mellom EU sin plan for  «Rein industri» (Clean industrial deal) og EU sin klimapolitikk.

Klima- og miljøministeren skal i tillegg møte aktørar frå norsk næringsliv og organisasjonar til eit uformelt møte om EU sine viktigaste klimasaker framover.

For meir informasjon om programmet og pressekontakt for besøket:

Kommunikasjonssjef Martine Røiseland, martine.roiseland@kld.dep.no, mobil 97055024.

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.