Pensjonstrygda for fiskarar skal avviklast

Regjeringa legg i dag fram forslag til Stortinget om at pensjonstrygda for fiskarar blir lukka for nye medlemmer og på sikt blir avvikla.

– Dette er ei gammal ordning som gav meining i si tid, men samfunnet har endra seg og fiskarar vil  tene på  å bli likebehandla med  andre sjølvstendig næringsdrivande. Det eksisterer i dag ordningar som gjer at fiskarar kan sikre seg ein god og meir føreseieleg pensjon,  der den årlege oppteninga kan tilpassast ønska og behova til den enkelte. Derfor foreslår vi no at pensjonstrygda for fiskarar blir lukka for nye medlemmer og på sikt blir avvikla, seier arbeids og inkluderingsminister, Tonje Brenna.

Fiskarar er definerte som sjølvstendig næringsdrivande når det gjeld trygd og skatt.  Årsaka er at  fiske er ei fangstbasert næring der inntektene svingar i takt med naturgitte forhold.

For å tilpasse fiskarane sine rettar til pensjonsreforma har departementet lenge varsla ein gjennomgang av pensjonstrygda til fiskarane. Hausten 2022 vart ei partssamansett arbeidsgruppe sett ned for å greie ut moglege løysingar, og hausten 2024 konkluderte dei med at pensjonstrygda bør lukkast og avviklast. Arbeidsgruppa peikar på at pensjonstrygda for fiskarar i dag har ei rekkje svakheiter, mellom anna at innretninga av ordninga fører til at mange fiskarar opplever å betale inn premie i fleire år utan å få pensjon frå ordninga. Arbeidsgruppa konkluderer vidare med at det verken er nødvendig eller ønskjeleg at fiskarane har ei eigen, obligatorisk pensjonsordning.

Det er forventa at ei lukking av pensjonstrygda for nye medlemmer vil føre til ei underdekning i ordninga i tida framover. Regjeringa sitt forslag inneber at den forventa underdekninga som følgjer av lukkinga, vil finansierast løpande av staten, i staden for ein vidare auke av medlemspremie og omsetningsavgift.

Det er om lag 5 000 aktive fiskarar i ordninga og om lag 1 550 pensjonistar. Departementet foreslår at pensjonstrygda for fiskarar blir lukka for nye medlemmer frå og med 1. januar 2026, slik at ho på sikt blir avvikla. Departementet foreslår vidare at nedre alder for uttak i ordninga blir tilpassa noverande nedre alder for uttak i folketrygda. Det inneber at den aukar frå 60 år til 62 år for medlemmer som er under 50 år ved tidspunktet for lukking, og at barnetillegget blir avvikla.