Over 50 utanlandske ambassadørar besøkjer Tromsø 2.–4. april

Kvart år organiserer Utanriksdepartementet ei studiereise for utanlandske ambassadørar stasjonert i Oslo. I år går turen til Tromsø. Over 50 ambassadørar er påmelde og utanriksråd Torgeir Larsen er vertskap for turen.

Målet med årets studiereise er å skape forståing for norske interesser og politiske prioriteringar i nordområda. Programmet speglar hovudtemaa for den pågåande norske leiarskapen i Arktisk råd: Hav, klima og miljø, og berekraftig økonomisk utvikling og folk i nord.

Eit av høgdepunkta er ei omvising om bord på forskingsskipet «FF Kronprins Haakon» i regi av Norsk polarinstitutt 3 april.

Ambassadørkorpset og utanriksråden vil vere tilgjengelege for ein fotoseanse og kortintervju om bord på «FF Kronprins Haakon» ved Prostneset torsdag, 3. april kl. 11.00.

Presse som ønskjer å delta kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Cecilie Skjennald i UD Cecilie.skjennald@mfa.no, med kopi til kommunikasjonssjef Paal Jakobsen i Norsk polarinstitutt  paal.jakobsen@npolar.no.