Oppsving i rypebestanden

Rypebestanden utviklar seg positivt, opplever Statskog. Særleg i Nord-Noreg er det eit godt år for fuglen.

Fjellrype.
Det er eit godt år for rypa. Særleg godt er det i Nordland og Troms. Foto: Steinar Johansen / Statsskog

I fjor var talet på ryper så lågt at ein måtte stenga jakta fleire stader i Sør-Noreg. Men i år seier fagsjef for jakt og fiske Jo Inge Breisjøberget i Statskog at oppsvinget gjer at ein kan opna jaktområda att.

I Nordland og Troms har det vore mykje rype, og det har vore god kyllingproduksjon.

– Me har systematisk taksert rypebestanden i dei to fylka i to tiår. Talet i år er det sterkaste me har registrert heile denne perioden, seier Breisjøberget.

På Dovre er bestanden i år så liten at Statskog stenger for rypejakt.

Rypejakt i Njardarheim.
I fjor måtte ein stenga for rypejakt i visse område i Sør-Noreg. Men i år er bestanden så stor ein kan driva jakt. Stor- og orrfuglbestanden har òg auka. Foto: Trond Gunnar Skillingstad/Statskog

Han forklarar vidare at bestanden har naturlege svingningar som kjem av mellom anna naturtap, klimaendringar og andre faktorar.

– Ei stadig sikrare jaktforvalting er uansett eit viktig bidrag til ein livskraftig rypebestand i Noreg, og me skal gle oss over den auken me ser no, seier Breisjøberget.

Det er ikkje berre for rypa at pilene peikar oppover. Teljingar frå jaktområda til Statskog i Nordland og Trøndelag viser ein oppgang for storfugl og orrfugl. Breisjøberget seier at stamfuglbestanden er stor, men at kyllingproduksjonen varierer.

– Tala tyder på at me ikkje kan sleppa til jegerar i alle skogområda våre. Me må gjera nærmare analysar på kor stort jakttrykk me kan tillata i dei enkelte områda.

Haustbare viltressursar

I 2018 overtok Landbruks- og matdepartementet ansvaret for den delen av forvaltninga som gjeld haustbare viltressursar, det vil seia artar ein kan jakta på. Bakgrunnen for det var mellom anna moglegheita for å styrka næringsutviklinga basert på berekraftig bruk av utmarksressursane.

Staten eig store areal med skog og utmark – om lag ein femtedel av Fastlands-Noreg. All statseigd skog og utmark blir forvalta av Statskog, som dermed er den største grunneigaren i Noreg. 

Nokre av dei prioriterte arbeidsområda til Statskog er mellom anna å stimulera og legga til rette for berekraftig jakt, fiske og friluftsliv.

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.