Nytt styre i Nasjonalmuseet for kunst

Kultur- og likestillingsdepartementet har utpeika nye medlemer til styret for Nasjonalmuseet. Ny styreleiar blir André Støylen frå 30. juni 2025.

– Det nye styret skal vidareutvikle Nasjonalmuseet som heile Noregs museum for kunst, arkitektur og design, både nasjonalt og internasjonalt. Dette er ein fantastisk institusjon som rommar så mykje av vår kunst og kulturarv. Ein stor takk til avtroppande styreleiar Maria Moræus Hanssen som leia arbeidet for opninga og den internasjonale lanseringa. No skal museet styrkje sin posisjon og gå inn i ein ny fase, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Museet har eit styre på syv medlemer med personlege varamedlemer:

  • tre representantar blir utpeika av staten ved Kultur- og likestillingsdepartementet
  • ein representant blir utpeika av Stiftelsen Arkitekturmuseet
  • ein representant blir utpeika av Stiftelsen Kunstindustrimuseet i Oslo
  • to representantar blir utpeika av og blant dei tilsette ved Nasjonalmuseet

Styret får desse medlemene oppnemnt av Kultur- og likestillingsdepartementet for perioden 2025–2029:

  • André Støylen, Oslo – styreleiar (ny)
    Lars Magne Andreassen, Hamarøy – personleg varamedlem
  • Roger Valhammer, Bergen – styremedlem (ny)
    Lars Tarjei Berntsen, Oslo – personleg varamedlem (ny)
  • Noora Marie Ollilla Sandmo, Tromsø – styremedlem
    Heidi-Iren Wedlog Olsen, Molde – personleg varamedlem