Nye styre for statlege universitet og høgskular

Kunnskapsdepartementet har nemnt opp nye styremedlemmar for 11 av dei 21 statlege universiteta og høgskulane her i landet. Dei nye styremedlemmane er nemnde opp for perioden 1. august 2025 til 31. juli 2029.

Styret ved institusjonane er det øvste organet, og har overordna ansvar for verksemda. Kunnskapsdepartementet har nemnt opp ein ekstern styreleiar og tre til fire styremedlemmar. Den andre halvparten av dei statlege universiteta og høgskulane, fekk oppnemnt nye styre i juni 2023.

Ved dei statelege universiteta og høgskulane som har tilsett rektor, har departementet nemnt opp ein styreleiar og tre styremedlemmar. Det gjeld Nord Universitet, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, Høgskolen i Østfold, Noregs handelshøgskole og Noregs arktiske universitet.

Ved dei statlege universiteta og høgskulane med vald rektor, har departementet nemnt opp fire styremedlemmar. Rektor er styreleiar ved desse institusjonane. Det gjeld Universitetet i Oslo, Noregs musikkhøgskole, Noregs idrettshøgskole, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og Universitetet i Bergen. Det er i tillegg nemnt opp to eksterne numeriske varamedlemmar.

Nedanfor er ein oversikt over dei nye eksterne leiarane og styremedlemmane som Kunnskapsdepartementet har nemnt opp. Resten av styremedlemmane vel tilsette og studentar ved institusjonane.

Nye styre for perioden 1. august 2025 til 31. juli 2029

Nord universitet (NU)
Øyvind Fylling-Jensen, Oslo, styreleder 
Eva Maria Kristoffersen, Straumsjøen
Christian Wee, Levanger
Cecilie Daae, Oslo

Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU)
Remi Eriksen, Oslo, styreleder
Grete Aspelund, Oslo
Henrik Caspar Wegener, Danmark
Aiko Yamashita, Nesodden

Universitetet i Oslo (UiO)
Ragnhild Hennum, rektor og styreleder
Medlemmer oppnevnt av KD:
Berit Reiss-Andersen, Oslo
Agneta Holmäng, Göteborg
Sturla Henriksen, Oslo
Knut Olav Åmås, Oslo

Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO)
Lisa Ann Cooper, Oslo, styreleder
Jacob Aars, Bergen
Peter Thule Kristensen, København
Tone Hansen, Oslo

Norges musikkhøgskole (NMH)
Astrid Kvalbein, rektor og styreleder
Medlemmer oppnevnt av KD:
Marianne Marthinsen, Oslo
Inga Bostad, Jar
Stein Bjelland, Stavanger
Knut Skansen, Oslo

Høgskolen i Østfold (HiØ)
Anne Borg, Trondheim, styreleder
Roald Guldbrandsen, Spydeberg
Hanne Refsholt, Stavern
Jan Gulliksen, Sverige

Norges Handelshøyskole (NHH)
Martin Skancke, Oslo, styreleder
Miao Chen Reinlund, Bergen
Egil Matsen, Trondheim

Norges idrettshøgskole (NIH)
Aage Radmann, rektor og styreleder
Medlemmer oppnevnt av KD:
Grete Nykkelmo, Oslo
Per Nilsson, Stockholm, Sverige
Knut-Eirik Dybdal, Harstad
Oddrun Samdal, Bergen

Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU)
Solve Sæbø, rektor og styreleder
Medlemmer oppnevnt av KD:
Tone Ikdahl, Ås
Carl Henrik Knutsen, Oslo
Ylva Hilbur, Malmö, Sverige
Jon Gunnar Pedersen, Nevlunghavn

UiT - Norges arktiske universitet
Marianne Elisabeth Johnsen, Bærum, styreleder
Christian Chramer, Tromsø
Ola Jøsendal, Alversund
Kerstin Sahlin, Uppsala, Sverige

Universitetet i Bergen (UiB)
Margareth Hagen, styreleder og rektor
Medlemmer oppnevnt av KD:
Shirin Payande Ahlbäck Öberg, Uppsala, Sverige
Georg von Krogh, Zürich, Sveits
Herlof Nilssen, Randaberg
Kamilla Sharma, Kristiansand