Ny forskrift om Statens kunstnarstipend er sendt på høyring
Pressemelding | Nr: 39/25 | Dato: 26.06.2025 | Kultur- og likestillingsdepartementet
– Statens kunstnarstipend er ei viktig ordning med lange tradisjonar. Stipenda er med på å gi kunstnarar høve til å vere kunstnarar på heiltid, og ordninga er eit viktig bidrag til den frie og mangfaldige kunsten vi har i Noreg. No ser vi fram til å få på plass eit heilt nytt regelverk som skal bidra til å sikre ordninga for framtida, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Hovudtrekka ved ordninga blir dei same som før. Søknadane skal framleis berre bli vurdert på bakgrunn av kunstnarleg aktivitet og kvalitet, og kunstnarorganisasjonane skal framleis oppnemne medlemmer av dei sakkunnige stipendkomitéane.
Bakgrunn for endringane
Våren 2024 slutta Stortinget seg til regjeringa sitt forslag i stortingsmeldinga Kunstnarkår om å revidere forskrift om Statens kunstnarstipend. Formålet med forslaget er å sikre legitimiteten til ordninga gjennom ei meir moderne forskrift. Den nye forskrifta skal leggje til rette for ei ryddig forvaltning med nødvendig informasjonsflyt, etterprøvbarheit og transparens.
Sidan hausten 2024 har departementet mottatt innspel til arbeidet med ny forskrift og hatt møte med kunstnarorganisasjonane, utvalet for Statens kunstnarstipend og Kulturdirektoratet. Utkastet som no blir sendt på høyring, baserer seg på erfaringar frå desse møta og på Stortinget si behandling av Meld. St. 22 (2022–2023) Kunstnarkår i Innst. 217 S (2023–2024).
Høyringsfristen er sett til 1. oktober 2025.