Nalokson nasespray blir reseptfritt tilgjengeleg i apotek
Nyheit | Dato: 27.06.2025 | Helse- og omsorgsdepartementet
Frå 1. juli 2025 vil nalokson nasaspray (Ventizolve) bli tilgjengeleg reseptfritt i apotek med obligatorisk rettleiing frå farmasøyt.
Helse- og omsorgsdepartementet har gitt Direktoratet for medisinske produkt (DMP) i oppdrag å vurdere om og korleis nalokson nasespray kan bli reseptfritt tilgjengeleg i apotek.
– Dette tiltaket er ein del av regjeringa sin innsats for å auke tilgjengelegheita av livreddande legemiddel mot opioidoverdosar. Nalokson vil kunne kjøpast både i fysiske apotek og nettapotek, med krav om rettleiing frå farmasøyt for å sikre riktig bruk, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.
Auka tilgjengelegheit i sommar
Direktoratet for medisinske produkt (DMP) har godkjent nalokson-legemiddelet Ventizolve til reseptfri bruk for vaksne over 18 år til akuttbehandling av opioidoverdosar.
Frå 1. juli vil apoteka kunne utlevere Ventizolve med obligatorisk rettleiing frå farmasøyt. Dette er for å sikre riktig bruk. Rettleiinga inkluderer å vise instruksjonsvideoar og pakningsvedlegg, samt viktige punkt som å ringe etter ambulanse og informere om legemiddelets kortvarige effekt.
Praktiske utfordringar og løysingar
DMP har utvikla ei løysing der apoteka kan selje nalokson utan resept med eit nytt varenummer, men levere ut den reseptpliktige pakninga i ein overgangsperiode.
Dette er ei mellombels løysing inntil reseptfrie pakningar er ferdigproduserte. Det er fri prissetting for reseptfrie legemiddel i apotek, og endeleg utsalspris er derfor usikker.