Lanserer nasjonalt arbeid for å ta vare på Russland-kompetanse

Regjeringa lanserer no eit nasjonalt nettverk for å ta vare på og byggje norske kompetansemiljø om Russland.

Prosjektet er eit samarbeid med Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) og har som mål å styrkje og behalde språkkunnskapar og god kjennskap til Russland i eit langsiktig perspektiv.  

– Vi vel ikkje geografien vår. Russland er nabolandet vårt. Vi må forhalda oss til dei både no og i overskodeleg framtid. Derfor er det viktigare enn nokon gong å vareta den solide kjennskapen vi tradisjonelt har hatt i Noreg til Russland og deira språk, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

Nettverket blei lansert tysdag i samarbeid med NUPI.

Som følgje av Russland si fullskalainvasjon av Ukraina i 2022 har kontakt- og samarbeidsflatene mellom Noreg og Russland blitt monaleg reduserte.

– Det er ein uunngåeleg konsekvens av Russland sitt val om å gå til angrepskrig mot eit anna naboland. Men vi har framleis behov for å forstå kva som skjer i Russland og kva konsekvensar det har for oss. Det er avgjerande for å kunne forsvare Noregs interesser. Vi har mykje mindre kontakt, og derfor er det viktig no å tenkje saman på korleis vi skal sørgje for å ta vare på denne kompetansen, seier Eide.

Ikkje minst har fleire norske etatar behov for å halde oppe språkkunnskap og tolkeerfaring.

Prosjektet skal mellom anna sørgje for at dei delane av forvaltninga som framleis har nødvendig kontakt med russiske motpartar får tilgang til oppdatert kunnskap. Det engasjerer russlandsforskarar, sivilsamfunnsaktørar og forvaltning i eit nettverk med aktivitetar på fleire arenaer: årlege fagdagar om Russland, deltaking på nordiske konferansar og rundebord der forskingsmiljø møter forvaltning. 

Prosjektet skal òg involvere fagmiljø i Norden gjennom utvekslingar, arrangement, stipend for russisk språkopplæring og ulike samlingar – med særleg vekt på yngre forskarar. Slik skal Noreg òg i framtida kunne skilte med høg Russland-kompetanse.