Kunnskapsministeren legg fram forslag til ny folkehøgskulelov
Pressemelding | Dato: 10.04.2025 | Kunnskapsdepartementet
Regjeringa foreslår ei rekke forbetringar i folkehøgskulelova. Det blir mellom anna tydelegare kva for kriterium som gjeld for godkjenning av nye folkehøgskular.
– Målet med lovforslaget er å få ei oppdatert folkehøgskulelov som er betre tilpassa samfunnet i dag, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).
10. april legg ho fram forslaget til ny folkehøgskulelov for Stortinget. Lovforslaget inneheld mellom anna tydelegare kriterium for godkjenning av nye folkehøgskular. Dagens ordning har ikkje vore endra på lang tid.
Dei nye kriteria skal gi betre føreseielegheit for søkarane, sørge for lokal forankring, tilknyting til lokalt nærings-, arbeids- og kulturliv, og bidra til auka kvalitet og mangfald i sektoren.
Regjeringa foreslår også nye krav til folkehøgskuleverksemdene, mellom anna krav om organisasjonsform for nye skular som blir godkjende, og tydelegare krav til styret ved folkehøgskulane.
– Det er eit mål for regjeringa å sikre god kvalitet i folkehøgskulesektoren, og at skulane driv profesjonelt innanfor føreseielege rammer, seier Nordtun.
I tillegg blir det presisert kva slags handlingsrom folkehøgskulane har til å leggje til rette for elevar som av ulike årsaker ikkje har fullført videregåande opplæring.
– Vi meiner folkehøgskulane fortsatt skal vere eit viktig supplement til det formelle utdanningssystemet. Folkehøgskulen er i tillegg, gjennom si heilskaplege tilnærming til læring, godt eigna til å bidra til auka motivasjon for elevar som ønsker å begynne med eller fullføre videregåande opplæring, seier kunnskapsministeren.
Dette er forslaga til ny folkehøgskulelov
- Nye og tydelegare kriterium for godkjenning av nye folkehøgskular. Vertskommunen og vertsfylket må støtte ein søknad om godkjenning av ein ny skule før departementet fattar vedtak om godkjenning. Det blir også foreslått tydelegare kriterium for kva som skal vektleggjast i den skjønnsmessige vurderinga av om ein skule skal bli godkjend.
- At nye folkehøgskular som blir godkjende etter lova skal vere organiserte som aksjeselskap etter aksjelova eller stiftelse etter stiftelseslova.
- Nye og tydelegare krav til styret ved folkehøgskulen.
- Nye reglar om opptaksreglar og skolereglar. Det blir tydelegare også i kva for tilfelle folkehøgskulen kan nytte bortvising og utvising som reaksjon.
- Reglane om tilsyn med folkehøgskuler blir tydelegare.
- Forslaget er ei oppfølging av folkehøgskuleutvalets utgreeiing i NOU 2022: 16 En folkehøgskole for alle – Vilkår for økt kvalitet og mangfold i folkehøgskolene.