Presseinvitasjon

Klima- og miljøministeren på sommarturné 30. juni–4. juli

I ei uke skal klima- og miljøministeren på reise frå Oslo gjennom Kristiansand og til Stavanger. Tema for turen er klima, natur og grøn omstilling.

– Klimautslepp og nedbygging av natur er blant vår tids største utfordringar. Regjeringa har tatt fleire grep som vil bidra til å få ned utsleppa og sikre grøn omstilling, samstundes som vi tek vare på naturen vår. På denne turen ser eg fram til å besøkje både bedrifter, folk og verksemd som jobbar aktivt med å omstille oss til eit meir grønt og klimavennleg samfunn. Dette er viktig, skal vi sikre framtidige arbeidsplassar og norsk konkurransekraft, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Neste veke skal klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen på sommarturné langs kysten frå Oslo gjennom Kristiansand og til Stavanger. På turen skal han blant anna besøkje viktige naturområde og ulike bedrifter som aktivt bidreg til ein grøn omstilling.

Pressa er velkomne på alle stoppa.

Program

Måndag 30. juni

09.00–10.30: Bedriftsbesøk Carbon Centric i Rakkestad

Statsråden besøkjer karbonfangstanlegget i Rakkestad, som no nærmar seg ferdigstilling. Der skal han markere framgangen i prosjektet, som har fått støtte frå Enova for å demonstrere karbonfangst på eit mindre avfallsforbrenningsanlegg.

Oppmøte: Sagveien 15, 1890 Rakkestad. Parkering er på KODE15.

13.00–15.00: Bedriftsbesøk Jotun

Statsråden er invitert til Jotun saman med forbundsleder i Styrke, Frode Alfheim, for å høyre meir om deira berekraftsstrategiar og initiativ innan rein skipsfart.

Oppmøte: Jotun Vindal, Industriveien 70, 3219 Sandefjord

15.30–16.30: Bedriftsbesøk Amon Maritime i Sandefjord

Statsråden besøkjer Amon Maritime for å få ei orientering om aktuelle prosjekt innan ammoniakk og hydrogen.

Oppmøte: Southern Actor, Brygga 1, 3210 Sandefjord

18.00: Partibesøk til Færder kommune

Statsråden møter partifellar for å snakka om tilstanden i Oslofjorden, og behovet for nye fiskeritiltak.

Tysdag 1. juli 

09.00–10.00: Berekraftig turisme i Kragerø

Statsråden skal møte Visit Kragerø for å snakke om berekraftig turisme i kommunen. Under møtet skal dei besøkje populære turistområde, blant anna utsiktspunktet Steinmannen.

Oppmøte: Steimannsstien, 3770 Kragerø

10.00–11.00: Ferje fra Kragerø til Jomfruland

Statsråden tek ferje til Jomfruland saman med representantar frå kommunen. Ferjeturen gir ein fin anledning til å sjå heile skjergarden. Her er tema blant anna vern av hummerreservat, bygging i strandsona og botntråling.

Oppmøte: Ta kontakt med pressekontakt for eksakt lokasjon

11.00–13.00: Orientering av Jomfruland

Statsråden møter styret og nasjonalparkforvaltar i Jomfruland Nasjonalpark, og tek ein runde rundt på øya. Her besøkjer han mellom anna Geopark og Nasjonalparksenteret. Her er tema vern, bygging i strandsona og botntråling.

13.00–14.30: Taxibåt frå Jomfruland

Statsråden tek båt tilbake frå Jomfruland saman med representantar frå kommunen. Tema for turen er bygging i strandsona og allemannsretten, og vi stoppar undervegs for å sjå konkrete døme.

14.30–15.30: Brannsikkerheit i Kragerø sentrum

Statsråden skal møte brann- og sikringsteamet til kommunen for å snakke om brannsikring av den tette trehusbusetnaden i byen. Dei siste åra har vi sett alvorlege brannar i både Kragerø, Levanger, Drammen, Risør og no sist i Lærdal. Dette er dramatisk både for dei som er ramma, for nærmiljøa og for kulturarven.

Oppmøte: Brannstasjonen i Kragerø sentrum, Fermannsbakken 3, 3770 Kragerø

17.00–18.30: Frivillig vern av skog i Morkheia 

Regjeringa har verna 32 nye skogområde, og skogen i Morkheia er ein av desse. Statsråden skal setje ned eit informasjonsskilt ved stien til det nye verneområdet og få ei orientering om området. Statsforvaltaren deltek òg.

Oppmøte: Parkeringen nær naturreservatet, ta kontakt med pressekontakt for nærmare detaljer.

Onsdag 2. juli

09.00–10.00: Besøk Randvikaområdet i Risør

Statsråden besøkjer friluftslivsområdet Randvika saman med Kystlaget. Her er det pusset opp ein kystledhytte, kystlaget har pussa opp den gamle låven og frivillige lagar ei kystveke for barna, som blir arrangerte denne veka.

Oppmøte: Randvik, Risør

11.00–12.00: Bedriftbesøk Bergene Holm i Åmli

Statsråden besøkjer sagbruket Bergene Holm. Avdelinga i Åmli er den største fabrikken til selskapet og består av sagbruk, høvleri og impregneringsanlegg. Bioprodukt som flis og pellets kan erstatte fossile brensler som olje og gass, og kan dermed vere ein viktig brikke i klimaomstillinga. Fabrikken produserer blant anna bioprodukt til kundar innan biobrensel.

Oppmøte: Ta kontakt med pressekontakt for dagen.

13.15–14.30: Bedriftsbesøk 3B Fibreglass i Birkenes

Statsråden besøkjer 3b Fibreglass. Bedrifta er stor leverandør av blada i vindmøller, for både hav og land. Her skal statsråden få ei omvising i produksjonsanlegget.

Oppmøte: Tollenesveien 60, Birkeland

15.15–16.20: Båttur med ny elektrisk rutebåt til Ny-Hellesund

Statsråden blir med på båttur med den nye elektriske rutebåten som startar å gå mellom Høllen og Ny-Hellesund den 1. juli. Fjord Shuttle og Agder kollektivtrafikk blir også med på turen.

Oppmøte: Høllen brygge

16.20–16.45: Orientering av fredinga av Ny-Hellesund

Statsråden går tur langs kyststien i Ny-Hellesund med Agder fylkeskommune. Her får han ei orientering om fredinga av øya.

Oppmøte: Kappeløya

Torsdag 3. juli

13.00–14.30: LOs sommerpatrulje og besøk til Smed Kristensen

Statsråden er med på LOs sommarpatrulje, og besøkjer i samband med dette Smed Kristensen i Stavanger. Statsråden tek eit patruljeintervju med unge sommarvikarar for å høyra korleis dei har det på jobb. Det blir også tid til ei omvising hos bedrifta.

18.45–24.00: Restauration Crossings200 Sailaway event

Restauration Venneforening arrangerer festkveld i samband med at det er 200 år sidan det første skipet med utvandrarar til Amerika gjekk ut frå Noreg. Arrangementet er ope for alle som har kjøpt billett (ca. 800 deltakarar). Statsråden deltek som ein av fleire heidersgjester.

Oppmøte: Fiskepiren 1, Stavanger

Fredag 4. juli

08.30–09.45: Besøke Universitetet i Stavanger

Innspilling av podcast om havvind, og besøkje den nye energisentralen ved universitetet, basert på geovarme.

Oppmøte: Universitetet i Stavanger, Kitty Kiellands hus

10.30–16.00: Jubileumsarrangement i Stavanger Domkirke, Folkefest på Torget og utseiling med «Restauration» fra Vågen

Statsråden deltek under feiring av Stavanger by, domkyrkje og bispedømmet sine 900-årsjubilum og 200-årsmarkeringa for den første organiserte utvandringa frå Noreg til Amerika. Statsråden deltek i utseglinga av skipet Restauration og held helsingstale til mannskapet frå regjeringa.

Oppmøte: Stavanger Domkirke, Torget, Vågen, Randaberg

 

Pressekontaktar på turen:

Måndag 30. juni: kommunikasjonsrådgjevar Siv Fjørtoft, e-post: siv-astri-nilsen.fjortoft@kld.dep.no tlf: 926 68 790

Tysdag og onsdag, 1.-2. juli: kommunikasjonsrådgjevar Katinka Vaag Prestøy, e-post: katinka-vaag.pretoy@kld.dep.no, tlf. 911 53 671

Torsdag og fredag, 3.-4. juli: kommunikasjonsrådgjevar Kari Asheim, e-post: kari.asheim@kld.dep.no, tlf. 908 41 606

Heile sommarturneen: politisk rådgjevar Sofie Løvdahl, e-post: sofie-rosten.lovdahl@kld.dep.no, tlf. 902 80 868