Klima- og miljøministeren inviterer offentlege verksemder til å bli med i plastpartnarskapet
Nyheit | Dato: 23.06.2025 | Klima- og miljødepartementet
Klima- og miljødepartementet inviterer no alle offentlege verksemder til å slutte seg til plastpartnarskapet – eit samarbeid med næringslivet for å redusere bruken av eingongs matbehaldarar og drikkebeger av plast.
– Plastforureining er ei av dei største miljøutfordringane i vår tid. Difor inviterer vi no offentlege verksemder til å bli med på laget for å redusere bruken av eingongsprodukt i plast, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Plastpartnarskapet blei etablert i april 2024 og skal bidra til å nå det nasjonale målet om å halvere forbruket av eingongs drikkebeger og matbehaldarar laga av plast.
– Ved å redusere bruken av eingongsprodukt laga av plast i kvardagen, kan offentlege verksemder ta ei viktig rolle i det grøne skiftet. Dette handlar både om å utnytte ressursane våre betre, og om å dra vår del av lasset saman med næringslivet , seier klima- og miljøministeren.
Ved å slutte seg til partnarskapet forpliktar verksemdene seg til å jobbe aktivt for å redusere forbruket av eingongsprodukt og rapportere på eigne tiltak og resultat. Dei får også tilgang til ein arena for erfaringsdeling og kompetanseutveksling.
FAKTA
Plastpartnarskapet
- Signert i april 2024 av Klima- og miljødepartementet, NHO, Virke, Emballasjeforeningen og HK Norge.
- Gjelder for forbruk av eingongs matbehaldarar og drikkebeger.
- Tilslutning skjer ved å sende signert erklæring til: post@plastpartnerskapet.no