Kjetil Lund held fram som vassdrags- og energidirektør
Pressemelding | Dato: 14.03.2025 | Energidepartementet
Kjetil Lund vart i statsråd i dag utnemnd som direktør for Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) for ein ny åremålsperiode på seks år.
Lund har vore vassdrags- og energidirektør sidan 2019, og det noverande åremålet går ut 31. mars 2025.
Lund er 54 år og er utdanna samfunnsøkonom frå Universitetet i Bergen. Han har tidlegare vore byråd for næring og eigarskap i Oslo kommune og direktør i Statkraft med ansvar for klimaspørsmål og strategi. Lund var statssekretær i Finansdepartementet frå 2009 til 2013 og har i tillegg lang erfaring frå embetsverket på Statsministerens kontor og i Finansdepartementet.
– Stillinga som vassdrags- og energidirektør er svært viktig i ei tid med store og raske endringar på energifeltet. NVE skal leggje til rette for meir nett og meir fornybar energi, og nøye vurdere ulike samfunnsomsyn. Samtidig skal arbeidet med sikkerheit, beredskap og førebygging mot flaum og skred ivaretakast og styrkast. Eg er glad for at Kjetil Lund, med si omfattande erfaring, har takka ja til ein ny periode som vassdrags- og energidirektør, seier energiminister Terje Aasland.