Kim Frieles minnepris går til Christine Marie Jentoft-Teigland og Luca Dalen Espseth
Pressemelding | Nr: 41/25 | Dato: 26.06.2025 | Kultur- og likestillingsdepartementet
For andre året på rad deler regjeringa ut Kim Frieles minnepris. Kim Friele blir rekna som ein av dei viktigaste og mest kjende forkjemparane for frigjeringa og rettane til skeive i Noreg. Kim Frieles minnepris skal delast ut årleg til ein person, institusjon, gruppe eller organisasjon som har vist stor innsats og engasjement for skeive og for menneskerettar. I år går prisen til Christine Marie Jentoft-Teigland og Luca Dalen Espseth.

– Målet til regjeringa er å sikre eit samfunn der alle kan delta fritt, trygt og på lik linje. Ingen skal bli diskriminert eller haldne utanfor på grunn av kven dei er. Vi veit at transpersonar er ei særleg utsett gruppe i den skeive befolkninga. Dei opplever dårlegare levekår og livskvalitet, og blir oftare utsette for trakassering, diskriminering og vald, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Juryen seier dei to prisvinnarane jobbar uretteleg for denne gruppa. Dei bidreg til å motverke desinformasjon om transpersonar, og løftar samtalen om transpersonar, liva deira, rettane og utfordringane deira – rett og slett transpersonars eksistens – ut i det offentlege rommet.
Om prisen
Regjeringa delte ut Kim Frieles minnepris under regjeringas Pride-mottaking den 26. juni.
Christine Marie Jentoft-Teigland og Luca Dalen Espseth får begge prisen for arbeidet sitt med å verne om menneskerettane, ytringsfridomen, kampen mot desinformasjon – og transpersonars rett til å leve fulle, heile og verdige liv som seg sjølve.
– Vinnarane av årets pris ville vore verdige vinnarar kvart einaste år, og dei har gjort og vil gjere mykje viktig arbeid i åra som kjem. Samstundes er det klart at dette er to aktørar som treng denne anerkjenninga akkurat no, når vi ser at særleg transpersonars rettar blir utfordra både internasjonalt og her heime, seier leiar av juryen Kristin Halvorsen.
Prisen engasjerer
I den opne nominasjonsprosessen var begge prisvinnarane blant dei som vart nominerte oftast.
– Talet på nominasjonar som har kome inn viser at denne prisen engasjerer, og det er vi svært nøgde med. Vi har i år sett ein auke både i talet på namn som blir nominerte, og i det totale talet på nominasjonar, seier Halvorsen.
Vinnarane får ei pengegåve på 500 000 kroner kvar.
Juryen for prisen vart oppnemnd 20. november 2023. Juryen består av juryleiar Kristin Halvorsen, samt Guro Sibeko, Kjell Erik Ullman Øie og Knut Olav Åmås. Sekretariatet for prisen har vore Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).