Ikraftsetjing av ein reforhandla avtale med EU om administrativt samarbeid på meirverdiavgiftsområdet
Nyhet | Dato: 20.06.2025 | Finansdepartementet
Stortinget vedtok 4. juni 2025 å gje samtykkje til ikraftsetjing av ein avtale om endring av avtalen mellom Noreg og EU om administrativt samarbeid på meirverdiavgiftsområdet. Kongen i statsråd har i dag vedteke ikraftsetjing av endringsavtalen. Noreg vil no underrette EU om at dei interne rettslege prosedyrane for å setje avtalen i kraft er fullførte.
Avtalen trer i kraft fyrste dag i den andre månaden etter denne underrettinga. EU har fullført sine interne prosedyrar for ikraftsetjing.
Avtalen vart underteikna i Brussel 2. oktober 2024 og vil styrkje samarbeidet med EU for å nedkjempe grensekryssande meirverdiavgiftssvindel.