I gang med digitalt helsekort for gravide
Nyheit | Dato: 04.07.2025 | Helse- og omsorgsdepartementet
Gravide i fire kommunar er no i gang med utprøving av digitalt helsekort for gravide. I løpet av neste år skal løysinga bli tatt i bruk i heile landet. Det betyr at papirlappen som gravide har måtte bere med seg, snart vil vere historie.
– Dette er ei etterlengta løysing, som vil gjere kvardagen enklare for gravide. Alle opplysningar ein oppgir om svangerskapet vil bli tilgjengelege digitalt både i kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta, fortel helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.
– Dette er eit viktig steg mot at vår felles helseteneste blir meir effektiv og brukarvennleg, og ikkje minst også at vi sikrar at svangerskaps- og fødselsomsorga også i framtida er i verdsklasse her i Noreg.
Avgrensa utprøving
- Den avgrensa utprøvinga av digitalt helsekort for gravide begynte 22. mai i Asker kommune då den første gravide samtykka og fylte inn opplysningar på Helsenorge. Desse opplysningane blei deretter tilgjengelege i fastlegen hennar sin elektroniske pasientjournal.
- Det er lagt opp til at inntil 100 gravide deltar i den avgrensa utprøvinga. Ved inngangen til juli 2025 er 24 gravide i gang med digitalt helsekort. Til saman 42 samtykker har blitt gitt, noko som betyr at desse vil bli innrullert i løysinga etter kvart.
- I tillegg til kommunehelsetenesta i Asker, er også kommunehelsetenesta i Stavanger i gang med den avgrensa utprøvinga av digitalt helsekort for gravide, samt Bærum sjukehus og Drammen sjukehus.
- Fastlegar i Drammen og Bærum er nyleg komen i gang med løysinga, mens dei øvrige kommunehelsetenestene i desse kommunane begynner den avgrensa utprøvinga i august. Ålesund kommune og Ålesund sjukehus er også med i den avgrensa utprøvinga og begynner i løpet av hausten.
- Regjeringa har løyvd 26 millionar kroner per år i statsbudsjettet for 2024 og 2025 for å realisere det digitale helsekortet for gravide.
Utvida utprøving
– Om alt går som planlagt, kjem vi til å utvide utprøvinga av det digitale helsekortet innan utgangen av 2025. Då vil fleire kommunar og sjukehus kunne ta det i bruk. Planen er at vi startar innføringa i heile landet av løysinga i løpet av 2026, seier Vestre.
Initiativet er ein del av regjeringa si satsing på å forbetre kvaliteten i svangerskaps- og fødselsomsorga, og det bygger vidare på eksisterande nasjonale e-helseløysingar som kjernejournal og Helsenorge.
Det digitale helsekortet skal bidra til å sikre betre informasjonsutveksling mellom helsepersonell og den gravide, og dermed gjere kvardagen enklare for gravide i Noreg.
Auka samhandling og effektivitet
Det digitale helsekortet for gravide vil redusere dobbeltarbeid og risikoen for feil ved å sikre at informasjonen følger pasienten mellom dei ulike instansane. Dette bidrar også til å redusere risikoen for unødvendige undersøkingar.
Norsk helsenett (NHN) har fått ei sentral rolle i utviklinga av nødvendig funksjonalitet i dei elektroniske pasientjournalsystema som blir brukt hjå fastlegane og helsestasjonane. NHN har også ei svært viktig rolle med å utvikle ny funksjonalitet for den gravide på Helsenorge.