Høyring av forskrifter under havbotnminerallova
Nyheit | Dato: 05.02.2025 | Energidepartementet
Energidepartementet sender i dag forslag til forskrifter under havbotnminerallova på høyring. Høyringsfristen er 30. april.
Eventuell utvinning av mineralførekomstar ligg framleis eit stykke fram i tid og krev mellom anna utvikling av teknologi og utgreiing av miljøeffektar ved utvinning. I utgangspunktet vil departementet derfor i denne omgang fastsetje føresegner som det er behov for i den første fasen av verksemda, der det skal tildelast løyve og gjennomførast undersøkingar og datainnsamling. Dette er i tråd med ei stegvis tilnærming til utvikling av verksemda.
Departementet sender følgjande tre forskriftsutkast på høyring:
- forskrift til havbotnminerallova
- forskrift om Havbotnmineralregisteret
- forskrift til havbotnminerallova kapittel 8 om erstatning til norske fiskarar
Det blir lagt opp til at Sokkeldirektoratet får delegert myndigheit til å gi meir detaljerte forskrifter på avgrensa område. Havindustritilsynet har allereie fått delegert myndigheit etter havbotnminerallova til å gi forskrifter om sikkerheit i havbotnmineralverksemda. Sokkeldirektoratet og Havindustritilsynet vil sende utkast til forskrifter på sine område på høyring.