Forslag til detaljert regulering av Norgespris og straumstønad for fjernvarme
Pressemelding | Dato: 27.06.2025 | Energidepartementet
Regjeringa har foreslått å innføre Norgespris på straum til 40 øre per kilowattime ekskl. mva. frå 1. oktober 2025. Energidepartementet sender i dag på høyring eit forslag til forskrift om Norgespris og straumstønad til hushald som brukar fjernvarme.
– Regjeringa ønskjer at folk som brukar fjernvarme til oppvarming skal likebehandlast med dei som brukar straum, utan at det går ut over fjernvarmeselskapa. Fjernvarme avlastar straumnettet og reduserer behovet for investeringar i kostbart og arealkrevjande straumnett, seier energiminister Terje Aasland.
For å gi hushald i heile landet føreseielege straumutgifter i ei tid med ustabile og tidvis svært høge prisar, har regjeringa foreslått å innføre Norgespris på straum og fjernvarme for hushald og fritidsbustader frå 1. oktober 2025. For hushald skal Norgespris vere eit valfritt alternativ til straumstønadsordninga, og hushald som ikkje vel Norgespris vil få straumstønad. Lov om Norgespris og straumstønad til hushald er vedtatt av Stortinget. Lova må supplerast av forskrifter.
I høyringa foreslår departementet forskrift om Norgespris og straumstønad til hushald som brukar fjernvarme. Forslaget til forskrift gir utfyllande reglar om kven som har rett til straumstønad og Norgespris, og nærare krav til fjernvarmeselskapa om måling, fakturering, rapportering og behandling av personopplysningar.
I forslaget blir det definert kva forbrukstak som gjeld for ordningane, og det blir fastsett terskelverdi og stønadsgrad for straumstønad og referansepris for Norgespris. Det blir også gitt reglar for bestilling av Norgespris og bindingstid for avtalen.
Detaljar om forslaget finn du i høyringsnotatet.
Høyringsfristen er sett til 12. august 2025.