Forskrift om regionale kulturfond er fastsett
Nyheit | Dato: 11.06.2025 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Kultur- og likestillingsdepartementet har i dag fastsett ein nasjonal forskrift om Regionale kulturfond. Forskrifta trer i kraft straks og legg det rettslege grunnlaget for den nye tilskotsordninga, som skal forvaltast av fylkeskommunane og Longyearbyen lokalstyre. Dei første utlysingane er venta i løpet av hausten 2025.
Forslaget til forskrift har vore på høyring, og departementet har motteke 142 høyringssvar frå både den frivillige og den profesjonelle kultursektoren, kommunar, fylkeskommunar og andre organisasjonar.
Overordna gir høyringa brei tilslutnad til føremålet med ordninga. Departementet held derfor fast ved at ordninga skal bidra til gode lokalsamfunn og eit ope, inkluderande og mangfaldig kulturliv i heile landet. Tilskotsmidlane skal stimulere til auka aktivitet og deltaking i kulturlivet, styrkje samspel mellom profesjonelt og frivillig kulturliv, forsterke lokal og regional kulturfrivilligheit og bidra til auka kvalitet på kunst- og kulturtilbodet lokalt og regionalt.
Innspela frå høyringa har ført til to justeringar i den endelege forskrifta. For det første blir ordninga innført også på Svalbard, i tråd med regjeringa sin svalbardpolitikk. For det andre er det presisert at ordninga ikkje skal nyttast til investeringar i eller vedlikehald av bygg og anlegg. Departementet har lagt særleg vekt på at både organisasjonar som representerer kulturfrivilligheita og profesjonelle kulturaktørar har rådd frå å inkludere støtte til bygg i denne ordninga. Det blir òg vurdert som lite føremålstenleg å ha fleire tilskotsordningar som rettar seg mot same formål, då dette kan skape uklarheit for målgruppa om kvar dei skal søkje støtte, og kva midlar som er tilgjengelege.