Foreslår fribeløp for ungdom på Svalbard

Regjeringa sender i dag på høyring framlegg om eit fribeløp på 100 000 kroner for ungdom på Svalbard. Framlegget inneber at ungdom som ved utløpet av inntektsåret er frå 13 til 19 år, kan tene opptil 100 000 kroner utan å betale skatt eller trygdeavgift.

Alle som mottek lønsinntekt på Svalbard, skal betale skatt etter ei såkalla lønstrekkordning. Lønstrekkordninga på Svalbard inneber at skatt og eventuell trygdeavgift vert rekna frå fyrste krone. Det vert ikkje gjeve frådrag i inntekt som vert skattlagt etter lønstrekkordninga, og det er ingen frikortgrense. I Svalbardmeldinga for 2024 (Meld. St. 26 (2023–2024)) står det at regjeringa vil greie ut ei ordning som gjer det mogleg for ungdom på Svalbard å tene mindre beløp utan å betale inntektsskatt.

Fribeløpet på 100 000 kroner er lik frikortgrensa på det norske fastlandet. Det vert foreslått at fribeløpsordninga gjeld ungdom som er skattemessig busett på Svalbard, og ungdom som har avgrensa skatteplikt til Svalbard.

I høyringsnotatet vert det skissert to måtar å gjennomføre ordninga med fribeløp på.

Det eine alternativet går ut på at arbeidsgjevar framleis trekkjer brutto skatt og eventuell trygdeavgift etter lønstrekkordninga, men at Skatteetaten tilbakebetaler trekt og innbetalt skatt og trygdeavgift opp til fribeløpet på 100 000 kroner (alternativ 1).

Det andre alternativet inneber at det vert utvikla ei digital løysing, der arbeidsgjevar kan spørje om status for den enkelte skattepliktige og med ein gong få svar på kva som hittil er rapportert og registrert av inntekt på vedkomande. Dersom det er rapportert og registrert under 100 000 kroner, vil denne ungdommen kunne få utbetalt inntil 100 000 kroner utan å betale skatt eller trygdeavgift (alternativ 2).

Finansdepartementet foreslår alternativ 1. Ein slik løysing gjev lågare risiko for feil skatt. Den manuelle handsaminga er antatt å vere lite ressurskrevjande for Skatteetaten sidan ordninga omfattar eit avgrensa tal personar. Likviditetsulempa for ungdommane vil heller ikkje være stor, ettersom tilbakebetaling kan skje annakvar månad. Departementet oppmodar høyringsinstansane til å gje innspel om valet mellom dei to alternativa.

Frist for høyringssvar er 1. august 2025. Det vert sikta på å fremje framlegget i statsbudsjettet for 2026.