Aas-Hansen og Vestre legg fram del II av førebyggings- og behandlingsreform for rusfeltet
Pressemelding | Nr: 24 – 2025 | Dato: 08.04.2025 | Justis- og beredskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet
Regjeringa legg fram lovforslag for å sørgje for at personar som er avhengig av rusmiddel først og fremst møtest med god helsehjelp og oppfølging, ikkje straff. Justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen og helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre legg torsdag 10. april fram del II av regjeringa si førebyggings- og behandlingsreform for rusfeltet.
Justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen og helse- og
omsorgsminister Jan Christian Vestre legg torsdag 10. april fram del
II av regjeringa si førebyggings- og behandlingsreform for rusfeltet.
I oktober 2024 la regjeringa fram stortingsmeldinga Meld. St. 5 (2024–2025) Tryggleik, fellesskap og verdigheit, som del I av førebyggings- og behandlingsreforma på rusfeltet. Då vart det samstundes varsla at lovproposisjonen som følgjer opp utgreiinga til Rushandhevingsutvalet skulle komme før påske 2025.
Regjeringa, i tråd med Hurdalsplattforma, slår fast at all bruk av narkotika er, og skal, vere ulovleg. Dette skal også gjelde mindre mengder narkotika til eigen bruk.
Justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen og helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre vil torsdag 10. april leggje fram forslaget til lovendringar som varetek forbodet mot narkotika, men samtidig bidreg til at personar med omfattande og alvorlege problem med rusmiddel først og fremst blitt møtt med god helsehjelp og oppfølging, framfor straff.
Tid: Torsdag 10. april 2025, klokka 11.30.
Registrering: Dørene opnar kl. 11:00. Hugs pressekort og gyldig ID.
Gyldig id: pass, nasjonalt id-kort eller førarkort (ikkje digitalt).
Stad: Marmorhallen, Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 20.
Pressekontakt og påmelding:
For justis- og beredskapsministeren, kommunikasjonsrådgjevar Merete Romestrand, Merete Romestrand, 476 21 362, Merete.Romestrand@jd.dep.no
For helse- og omsorgsministeren, kommunikasjonsrådgjevar Anne Kathrine Aambø, 412 93 018, Anne-Kathrine.Aambo@hod.dep.no
Pressekonferansen er for medlem av pressa.