Fleire skal få jobbe til dei blir 72 år

Regjeringa foreslår å heve aldersgrensa i staten frå 70 til 72 år og å fjerne eigne aldersgrenser under 72 år i bedrifter og kommunar. Forslaget blir no lagt fram for Stortinget for behandling.

– Mange vil jobbe etter 70 år, men blir hindra av reglane i dag. Med desse endringane kan ikkje arbeidsgivarar lenger seie opp folk som ønsker å fortsette å jobbe, berre fordi dei har blitt 70 år. Mange seniorar har verdifull erfaring og kompetanse, og meir å bidra med i arbeidslivet etter fylte 70, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.

Stat, kommune og bedrift får same reglar

Regjeringa følgjer opp pensjonsforliket og foreslår at den allmenne aldersgrensa i staten aukar frå 70 til 72 år.

Regjeringa foreslår også at kommunar og bedrifter ikkje lenger skal kunne ha eigne aldersgrenser under 72 år, altså bedriftsinterne aldersgrenser. Dei bedriftsinterne aldersgrensene på 70 år som finst i dag må praktiserast konsekvent. Det betyr at bedrifter må seie opp folk som ønskjer å halde fram i arbeid, og som  dei ønskjer å behalde og treng. Ved å fjerne moglegheita for bedriftsintern aldersgrense på 70 år, samtidig som aldersgrensa i staten blir heva til 72 år, vil det i hovudsak vere éi aldersgrense i arbeidslivet.

– Det er ingen grunn til at arbeidsgivarar skal måtte seie opp folk berre fordi dei har blitt 70 år, når både arbeidsgivar og den tilsette ønskjer å halde fram. Vi treng fleire i jobb. Dette er tydeleg understreka i Perspektivmeldinga. Nå vil fleire kunne halde fram i jobb, både i staten, kommunane og privat sektor, seier Brenna.

Bilde av to eldre mennesker som ser på hverandre ved en benk i en park
Regjeringa foreslår å heve aldersgrensa i staten frå 70 til 72 år og å fjerne eigne aldersgrenser under 72 år i bedrifter og kommunar. Forslaget blir no lagt fram for Stortinget for behandling. Foto: Frank May / NTB scanpix

Kan tre i kraft frå 1. januar 2026

Viss Stortinget vedtek forslaget før sommaren, kan endringane tre i kraft frå 1. januar 2026. Alle som fyller 70 år etter denne datoen, vil vere omfatta av dei nye reglane. Verksemder med tariffavtalar som regulerer aldersgrenser, får noko tid til å tilpasse seg.

Dommarar skal framleis ha aldersgrense på 70 år. Unntak for stilling der lågare aldersgrenser er nødvendige av omsyn til helse og sikkerheit, blir vidareført.

Forslaget kjem etter pensjonsforliket i februar 2024, der det var semje om å heve aldersgrensa i staten og vurdere bedriftsinterne aldersgrenser.