Endringar i skatteforvaltningsloven og skattebetalingsloven
Nyheit | Dato: 20.06.2025 | Finansdepartementet
Stortinget vedtok 10. juni å gjere endringar i skatteforvaltningsloven og skattebetalingsloven mv. Det vart mellom anna vedteke å avvikle kravet om skattetrekkskonto ved utbetaling av løn, og å innføre opplysingsplikter for digitale plattformer og for vekslings- og lagringstenester for kryptoeigedelar.
Lovendringane tek til å gjelde frå 1. januar 2026. Lovendringane er gjorde i tråd med Finansdepartementet sitt lovframlegg i Prop. 91 L (2024–2025).